I si vekentlege oppdatering av smittesituasjonen i Surnadal kommune, kjem kommuneoverlege Bjørn Buan, også med ei oppdatering på eit pågåande smitteutbrot ved Surnadal sjukeheim. Utbrotet ved sjukeheimen gjeld både for bebuarar og tilsette.
Les heile saka
Frå 1. mars vil 300 pasientar ved Surnadal legesenter få endra fastlege. Dette skuldast at fleire av fastlegane reduserer pasientlistene sine. Det er Helfo som føretek sjølve reduksjonen ved å gjere et tilfeldig uttrekk av pasientar.
Les heile saka
Måndag og kløvertur; – kjekt å treffast! Men med snø og glatte vintervegar må ein sko seg godt og passe på kor ein går.
Les heile saka
Søndag 27. februar klokka 11:00, inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg denne søndagen er Cathrine Grutle, medan Bern Bøe er organist. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet på Vipps: 506908.
Les heile saka
Siste onsdagane i februar, mars, april og mai, inviterer kyrkja i Surnadal alle til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Da blir det servert middag og ettermiddagskaffi/te til alle i alle aldrar. Serveringa er i tidsrommet frå klokka 16:00 – 16:45, men dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 21. februar. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Endeleg kan vi feire 10-års jubileet som randoneekonkurranse, etter to års ufrivillig coronaavbrudd. Det betyr at rennet på Kårvatn i Todalen er den eldste randoneekonkurransen i Norge, som er «i drift». – Takket være ein veldig rutinert og dyktig arrangørstab. Kårvatn Skimo blir arrangert på Kårvatn i Todalen 26. – 27. februar (laurdag og søndag)
Les heile saka
Med godt belegg vant gjensidig beundring månadens bilete for januar, og er dermed det første vinnarbilete i 2022. Ingri Bruset var fotografen som trakk det lengste strået i månandens bilete kåringa, vi gratulerer.
Les heile saka
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) minner om årsmøtet sitt torsdag 24. februar klokka 19:30 i kinosalen på Surnadal kulturhus. Vanlege årsmøtesaker. I tillegg blir det oppfølging av sak om vedtektsendringar og kontingentsatsar vedtekne av landsmøtet i Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) i 2021.
Les heile saka
Nei da, det var ingen av badegjestane som klaga – verken på vêret eller på temperaturen i sjøen. Er det badedag, så er det badedag, så underteikna takka høfleg nei tilbode om å være med uti og ta ein dukkert. I dag var det tette snøbyger i Hyllnesbukta, men det såg ikkje ut til å påvirke badelysten.
Les heile saka
Surnadal kunstforening ønsker velkommen til utstillinga «Vintersyn -22» på Surnadal kulturhus laurdag 26. februar klokka 13:00. Denne gongen er det kunstnaren Joanna Årdal som er utstillar, og utstillinga vil vere open fram til 13. mars.
Les heile saka
Det løner seg å vere senior heilt til påske! Surnadal kino tilbyr sine honorære kinogjengarar «eit tilbod dei ikkje kan seie nei til» i dei komande vekene. Det blir vist dagkino to gonger i veka fram til påske med eigen honnørrabatt – for dei som fortener slikt. Andre er sjølvsagt også velkomne til å sjå film på dagtid.
Les heile saka