Komande onsdag, 1. desember kl 18 er det storstila julegrantenning i Trudvangkrysset i Brusetmarka. Dei har invitert heile «Øverbygda», frå Brusetbrua og oppover til Kårvatn. Som vanleg blir det nok traktering med gløgg og vanleg tilbhør.

Komande onsdag, 1. desember kl 18 er det storstila julegrantenning i Trudvangkrysset i Brusetmarka. Dei har invitert heile «Øverbygda», frå Brusetbrua og oppover til Kårvatn. Som vanleg blir det nok traktering med gløgg og vanleg tilbhør.
I ei pressemelding frå kommuneoverlegen no i føremiddag, får vi informasjon om aukande smitte og vidareføring av lokal forskrift. Onsdag 24.november vart det påvist 9 nye smittetilfelle i Surnadal. Det er eit høgt tal, men venta, etter at personane hadde testa positivt på hurtigtestar tidlegere i veka.
Les heile sakaOnsdag 1. desember klokka 19:00 inviterer Tordenskjold songlag til førjulstund saman med Oddgeir Bruaset i Ranes kyrkje. Her vil Oddgeir Bruaset fortelje historia bak dei mest kjente julesongane våre, før Tordenskjold songlag syng dei. Tordenskjod gler seg til endeleg å få synge julesongar att, og lover ei koseleg førjulstund for dei som kjem til Ranes kyrkje den 1. desember.
Les heile sakaNo er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 13. og tysdag 14. desember. Det er mange ledige timar båe dagane.
Les heile sakaI snekkarverkstedet på Liatun er det eit arnested for spesielle ting som folk vil ha. I dag la Gunnar Nordvik siste hand på verket for klokketårnet som skal til Nordvik. Det er Karin Åsbø og Nils Håvard Øyås som har bestillt klokketårn som skal monterast på det restaurerte stabburet heime i Nedre Slettnesset.
Les heile sakaElva Surna har i natt gått over sine bredder – på topp var nok vassføringa mellom klokka 2 og 3 i natt – og hadde da større vassføring en under storflaumen for eit par år sia da både krøtter og sauer vart tekne av flaumen. No var flaumen varsla – sågar på orange nivå – og både krøtter og sauer var forlengst komne i hus.
Les heile sakaKommuneoverlegen fekk seint i går kveld melding om to nye positive PCR-testar i Surnadal.Det eine smittetilfellet er ei kvinne tilsett i skuleverket, som er smitta gjennom kjent smitteveg frå Trondheim.Det andre smittetilfellet er ein mannleg handverkar som er smitta i forlenginga av utbrotet i Midtigrenda barnnehage.
Les heile sakaTodalen elveeigarlag minner om sitt årsmøte torsdag 25. november 2021 kl 19.30. På grunn av utviklingen i koronasituasjonen blir møtet gjennomfør digitalt, og IKKE i Sanitetshuset, slik som det står i den opprinnelige innkallingen til årsmøtet, melder styret i elveeigarlaget.
Les heile sakaOnsdag 1. desember inviterer kyrkja i Surnadal til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Middagen blir servert mellom klokka 16:00 – 16:45. Så er du lei av ofte å måtte ete middag åleine, er det triveleg å kunne ete middag saman med nokon fleire av og til? For travle småbarnsfamiliar er det av og til godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå! Dette vil kyrkja i Surnadal no gjere noko med, og inviterer difor til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei
Les heile sakaVi har motteke ei pressemelding frå Amfi Kreativ, som fortel at eit nytt vintermagasin for Surnadal er på veg til postkassane rundt omkring i distriktet.
Les heile sakaVêrmeldinga yr.no varslar med både gult og orange farenivå i sine meldingar, og ber folk følgje med på det som skjer lokalt. Det er spesielt rasfaren som i Trøndelag og på Nordmøre er varsla med orange niva – der Surnadal kommune såvidt er innafor området. Når det gjeld nedbør er det meldt til dels store […]
Les heile sakaSøya og Todalen skytterlag kallar inn til årsmøte for 2021. Det skjer på kantina på Talgø måndag 13. desember, og på agendaen står det vanlege årsmøtesaker. Saker til behandling på årsmøtet må være leiar Håvard Halset i hende seinast 6. desember.