Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så var det fart på blomstringa….

Jon Olav Ørsal Sundag 5. juni 2022

Ein litt småkald vår har ført til at det har teke tid å få fart på rododendronblomstringa i Svinviks Arboret.  No er imidlertid blomstringa komen i gang for full, og jammen er hagen med all sin blomsterpryd eit syn som er verdt å få med seg.  Arboretet minner også om at dei har ope 2. pinsedag til vanleg tid 11:00 – 16:00  – elles er den ordinære opningstida for arboretet  onsdag til søndag, og alle dagar frå kl 11:00 – 16:00.

No er det full blomstrin i arboretet – litt av eit syn Foto Jon Olav Ørsal

I arboreetet er det også kafeteria, der dei byr på kaffe, is og heimebakst og har same opningstid som arboretet.  Dersom du berre skal til kafeen så slepp du å kjøpe billett til arboretet.

Godt med ein kaffedråpe i uterestauranten etter ein runde i arboretet. Foto Jon Olav Ørsal

Du kan også fortsett til Todalen og Todalshytta, der du kan kjøpe ein matbil – både lunchrettar og middagsrettar.  Todalshytta er og open onsdag – søndag, frå kl 12 og utover, men har også ekstrordinær ope for servering på måndag som er 2. pinsedag – frå 12 og utover.   

Har du enno krefter igjen, så kan du ta turen vidare til Kårvatn og ein trimtur til Nauståfossen eller du kan stikke innom butikken til Kårvatn Fjellutstyr når det blir kvardag igjen 

 

 

Publisert: 5. juni 2022, 13:28