Etter at det vart laga ein avtale mellom Todalen Idrettslag og Surnadal kommune, om leige av gymsalen på Todalen skule, har Barne- og ungdomsgruppa hatt fleire «balleikar» på tysdag og torsdagar. Dette har, som vanleg, vore ein populær aktivitet for aldersgruppa 7 – 15 år.
Les heile saka
Kl. 20.30 i kveld (onsdag 15.12) kommer det et innslag fra Toåa, som omhandler den nye prøveordningen med omfattende valdsamarbeid med en enhetlig modell for fiskeutleie, der det både legges til rette for lakseturisme og lokalt folkefiske.
Les heile saka
Som ein del av landslaget i Norges Skiforbund (NSF) reiste Erik Kårvatn i kveld til Italia for å delta i World Cup-opninga i Adamello. Både torsdagens sprint og fredagens vertikal blir direktesendt, og vi prøver å få link , slik at vi kan følge med på konkurransane. Elles er det og renn på søndag, da det er individuell – i ein spektakulær trasee. Erik er godt budd på sesongen, så det skal bli spennande å følgje med på sesongstarten.
Les heile saka
Fredag 17. desember, mellom klokka 12.00 – 17.00, har Lia gard årets siste bakeriutsal. Vil du sikre deg litt julebakst til jul, oppfordrar Lia gard til å førehandsbestille, da dei på siste bakeriutsal opplevde å gå tom for mange varer allereie tidleg på dagen.
Les heile saka
Tommy Fossum har denne uken premiere for si nye bok «Lakselorden og hans ladyer. Tommy er levende interessert i historia rundt engesktida med de engelske laksefiskerne som inntok Nordmøre og lakselvene her. Det er vel ingen som kan meir om dette temaet og om Ethelbert Lort Phillips og folket rundt han – og som utvikla og skapte ein turisme ut av laksefisket på Nordmøre rundt forrige århundreskifte. Tommy Fossum har gått grundig til verks for å finne fram den gamle historia – både har på Nordmøre og i England. Les hva Tommy skriver om arbeidet med boken.
Les heile saka
Vinnaren av månadens bilete for November ble Trine Engdal Storholt med Novembersol i skodde på Råslettkammen. Vi takkar for bidraget og alle andre bidrag som kjem inn til oss.
Les heile saka
Onsdag 15. desember startar Stikk UT! vinter og Stikk UT! ski. Dette er første året Surnadal kommune har fotturar på vinteren, og eitt av turmåla er Toåa tursti. I Tillegg er lysløypa på Tjønnmyra med i Stikk UT! ski
Les heile saka
I kveld kom regjeringa med nye og strengare smitteverntiltak. Som ein direkte konsekvens av dei nye smitteverntiltaka, har styret i Todalen Idrettslag, bestemt å stenge Hett & Svett. Dette er gjort i tråd med dei nye smitteverntiltaka. Styret har også bestemt at Volleyball på tysdagar, i gymsalen ved Todalen skule, blir avlyst i den perioden dei nasjonale smitteverntiltaka gjeld. Dette fordi det er vanskeleg å overhalde «ein-metersregelen».
Les heile saka
Måndag kveld var det klart for vinterens første «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Gradestokken viste så vidt nokre blå grader, og forholda for skigåing var gode i godt preparerte løyper. Det er mange år sidan «Barn i løypa» sosongen har kunne starte så tidleg som dette, så er ein like heldig som i fjor, med resten av sesongen, så blir det mange «Banr i løypa» å sjå fram til, både for små og store.
Les heile saka
Frå Odd Arild Sande har vi fått ein serie bilde som han har fanga inn på tur innover stranda til Todalen ein av dagane. Odd Arild er imponert over kor mykje is som naturen har laga den siste tida da det var kaldt – faktisk ikkje langt unna 20-talet med kuldegrader eit par dagar.
Les heile saka
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Siste avgang 23:35 fra Rykkjem mandag 13. desember og første avgang fra Kvanne 05:15 tirsdag 14. desember vil bli innstilt på grunn av kaiarbeid på Kvanne natt til tirsdag. Ellers går ferja i ordinær rute.
Svorka har hatt eit straumutfall i retning Todalen frå kl 18.33 i søndag kveld. Det vart straks sett i gang søk etter feilen, og temmeleg nøyaktig kl 23 var strumforsyninga som normal igjen etter ca 4,5 timar. Svorka hadde problem med å finne feilen på linja, men vi reknar med at det var trefall etter som feilen kom med mildvêret.
Les heile saka