Nils Erik Ulset signerte historieboka med ein flott 8.-plass i dagens 12,5 km skiskyting. Dagens skyting enda med 2 bom – i første og tredje skyting – medan det vart fullt hus i 2. og 4. skyting. Dermed sette Nils Erik punktum for ein lang og innhaldsrik karriere.
Les heile saka
Etter ei oppdatering av Trimpoeng-appen «På tur i Todalen» natt til i dag, opplever somme at det er problem med å få sjekke inn på turmåla i appen. Elinor Bolme i Trimgruppa i Todalen Idrettslag seier at ei mogleg løysing er å avinstallere appen og deretter laste den ned på nytt. Etterpå er det berre å logge seg på att med ditt vanlege brukarnamn og passord.
Les heile saka
Sidan «På tur i Todalen»-appen vart lansert 1. oktober er det akkurat no registrert totalt 5410 innsjekkingar på dei 25 turmåla som er med i «På tur i Todalen». Toåa tursti er det turmålet med desidert flest innsjekkingar, og i dag vart innsjekking nummer 2000 registrert i turstien. Toåa tursti er også eitt av Stikk UT!-vinter sine turmål, og her er det, sidan oppstarten 1. desember i fjor, registrert 267 innloggingar akkurat no.
Les heile saka
Natt til fredag 11. mars blir det arbeid på ferjekaia på Kvanne. Derfor blir siste avgang frå Rykkjem kl 23.35 fredag kveld, og første avgang frå Kvanne fredag morgon kl 05.15 innstillt, melder Fjord1 i dag.
På dagens konkurranse i skiskyting i Paralympics i Beijing, kom Nils-Erik Ulset på ein 10.-plass. Med berre 1 bok hevda han seg godt på skytebanen, men vart nok ikkje kjapp nok i sporet.
Les heile saka
Mange møtte opp i går kveld da Todalen sanitetsforening inviterte til strøyminga av Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) sitt arrangement Kvinnehelse: – «Det personlege er politisk» , som vart sendt direkte på storskjerm i ungdomshuset, frå Youngs i Oslo. Arrangementet til NKS er ein del av sanitetskvinnene si markering av den internasjonale kvinnedagen, som blir markert i dag.
Les heile saka
Godt ver og godt frammøte, altså god start for kløverturgjengen i mars.
Les heile saka
Todalen.no kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 6. april klokka 20:00. Vanlege årsmøtesaker. Den som vil seie frå seg verv, må gjere skriftleg til valnemnda ved Frode Grønmyr eller Ståle Ansnes, innan 13. mars. Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet, må sendast skriftleg til styret innan 30. april. Fullstendig sakliste blir kunngjort her på Todalen.no 31. mars.
Les heile saka
Sist tysdag vart balldagen kansellert på grunn av sjukdom – no kjem «ballgjengen» på Todalshytta att med ny balldag tysdag 8. mars, på sjølvaste kvinnedagen. – Som før kan du velge om du vil ha potetball eller sildball. Servering frå kl 15 og utover – gjerne bestilling på telefon 929 97 550.
Todalen historielag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus tysdag 29. mars klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste vil bli offentleggjort her på Todalen.no 21. mars. Den som vil seie frå seg verv, må gjere dette skriftleg til valnemnda ved Kristian H. Gjeldnes eller Ola Bruset, innan 15. mars. Saker ein ønsker behandla på årsmøtet må sendast styret skriftleg innan 15. mars.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Kristiansund og Nordmøre Turistforening no i kveld, får vi oss fortalt at draumen om påskesol, appelsiner og kvit snø lever i beste velgåande, no inn mot påske. Aursjøhytta opnar 8. april, og blir altså open gjennom påska. Bestyrar på Aursjøhytta, Nils Johan Michelsen, ser fram til å ta i mot skiglade påsketuristar på ei av hyttene som kan garantere rikeleg med snø i påska. – Selv om det er noen uker til, så stiller jeg med snøgaranti, sier en skråsikker Nils Johan.
Les heile saka
Frå Odd Arild Sande har vi fått eit artig avisutklipp frå 80-talet, da han akkurat hadde starta si yrkeskarriere som lærar ved Singsaker skule i Trondheim. Avisutklippet fortel om den gongen dei leigde Todalshytta til leirskule og korleis dei opplevde det. Da dei hadde jubileumssamlig 10 år seinare var det akkurat Todalsturen som elevane hugsa best frå skuletida. Bla om og les meir….
Les heile saka