Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har i løpet av helga preparert og fiksa tennisbanen på Bordholmen stadion, slik at den no er klar til bruk. Ishockeyvanta er tekne ned og lagra i redskapshuset, og nettet har kome opp. Så da har sommaraktivitetane offisielt overteke for vinteraktivitetane.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 21. mars. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Laurdag er nok badardag for gjengen i Hyllnesbukta. Det må være godt å kome seg uti og få litt vatn på kroppen innimellom. Vêrgudane sørga for for sol og vårluft, og vi kan faktisk lese av 16 varmegrader på gradstokken i Kvennsetøran bustadfelt
Les heile saka
Det er mange dystre nyheiter i alle typer media om dagen. Den russiske invasjonen i Ukraina opptek mange og det er mange som lureer på om dei kan være til hjelp på ein eller anna måte. Mellom anna er det samla inn lass på lass med brukte klede og det er organisert reiser for å […]
Les heile saka
Det var triveleg samling og bra deltaking på årets første quiz-kveld på Todalshytta fradag kveld. Knivskarp konkurranse vart det og, da det stilte 4 lag med 4 deltakarar til kveldens quizkappløp. Knut Bergli var kveldens quizmaster, og hadde laga 50 spørsmål som laga fekk å bryne seg på. Med 50 spørmål om mange forskjellige tema […]
Les heile saka
I dag vart Haukåbrua opna for trafikk igjen, etter at arbeidet med renovering av brua er avslutta og ferdigstillt. Brua har vore stengt for trafikk i nærare 2 månader, medan det er montert nytt rekkverk og utfør anna reparasjonsarbeid av BMO Entreprenør. Mellom anna har det vore skade både på betongen og armeringa i brua, […]
Les heile saka
I går kveld hadde Todalen Idrettslag kalla inn til årsmøte i Todalen ungdomshus. Nær 30 medlemmer hadde møtt opp for å vere med på behandlinga av årsmøtesakene. Elinor Bolme vart valt til ny leiar for idrettslaget, og overtok dermed stafettpinnen frå Michal K. Heimlund, som takka for seg.
Les heile saka
Det er ikkje noko kjøpepizza dei har tenkt å by fram på Quiz- & Pizzakvelden på Todalshytta i kveld. Her er det berre ekte og heimlaga varer grunnen av, fortel Kjell Arve Vikavoll som alt er i gang med pizzabakinga. Her duftar det ekte pizzafyll og pizzadeigen hevar som bare det. Kl 18:00 i kveld […]
Les heile saka
Todalen Idrettslag har årsmøte i Todalen ungdomshus i kveld klokka 19:00. I samband med dette har idrettslaget gjort årsmøtedokumenta tilgjengeleg digitalt. Her finn du fullstendig sakliste til årsmøtet samt årsmeldingane, rekneskap for 2021, innkomne forslag og budsjett for 2022.
Les heile saka
Våre eige tal viser langt fleire smittetilfelle enn den nasjonale statistikken (MSIS), seier einingsleiar Gunn Bredesen i Helse og familie. Tidens Krav gir i ein artikkel 16. mars ei litt for positiv framstilling av smittesituasjonen i Surnadal kommune. Artikkelen baserer seg på statistikk over innrapporterte smittetilfelle med covid-19 i MSIS-registreret. VG sin covid-19 statistikk hentar også tal frå dette registeret.
Les heile saka
Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 20. mars klokka 11:00. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt bøe er organist. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet via vipps 506908.
Les heile saka
Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ein tradisjonell innsamlingsaksjon som har gått føre seg i fastetida i mange år. Årets aksjon har fått namnet «Gi vann til dem som trenger det mest». Tysdag 5. april vil årets konfirmantar, saman med andre unge og vaksne, frå Surnadal og Rindal kommunar besøke alle husstandane med sine bøsser. Det er også mogleg å gje pengar via vipps 2426 eller via bankkonto: 1594.22.87493.
Les heile saka