Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heimebakt – ekte pizza på gang

Jon Olav Ørsal Fredag 18. mars 2022

Det er ikkje noko kjøpepizza dei har tenkt å by fram på Quiz- & Pizzakvelden på Todalshytta i kveld.  Her er det berre ekte og heimlaga varer grunnen av, fortel Kjell Arve Vikavoll som alt er i gang med pizzabakinga. 

Det dufta godt av heimlaga pizzafyll laga frå botnen av, seier Kjell Arve. Foto Jon Olav Ørsal

Her duftar det ekte pizzafyll og pizzadeigen hevar som bare det.  Kl 18:00 i kveld starter programmet med Quiz, med Knut Bergli som quiz-master og så blir det pizza etter kvart. 

Vi trur det kan bli ein triveleg kveld, og det er nok mange som gler seg til å traffast etter 2 år med pandemi og heimeliv.  

Først publisert: 18. mars 2022, 04:00 - Sist oppdatert: 19. mars 2022, 10:10