Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kommune: Nærmare 1600 registrerte med korona sidan slutten av januar

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. mars 2022

Våre eige tal viser langt fleire smittetilfelle enn den nasjonale statistikken (MSIS), seier  einingsleiar Gunn Bredesen i Helse og familie.   Tidens Krav gir i ein artikkel 16. mars ei litt for positiv framstilling av smittesituasjonen i Surnadal kommune. Artikkelen baserer seg på statistikk over innrapporterte smittetilfelle med covid-19 i MSIS-registreret. VG sin covid-19 statistikk hentar også tal frå dette registeret.

MSIS er eit nasjonalt overvakingssystem for smittsame sjukdommar og spela lenge ei viktig rolle i handteringa av pandemien. Tidlegare vart alle positive hurtigtestar bekrefta med PCR-prøve. Bekrefta smittetilfelle vart meldt frå laboratorium til pasientane sin lege. Legane hadde i sin tur meldeplikt til MSIS og til kommuneoverlege. Slik er det ikkje lenger. Frå 22. desember 2021 vart legane, med nokre få unntak, unnateke meldeplikt ved covid-19 i MSIS.

Surnadal kommunehus.

Etter opphevinga av nasjonale koronaforskrifter 12. februar er mykje av ansvaret for smittevern og testing lagt på den enkelte innbyggar. Dei fleste som blir smitta med covid-19 får vite dette gjennom bruken av sjølvtestar utan bekreftande prøve og fleire kommunale teststasjonar er avvikla. Registrering av smittetilfelle skjer i all hovudsak i form av lokal sjølvrapportering på kommunane sine heimesider til godkjende registre utanfor det nasjonale overvakingssystemet.

Frå 14. februar til 14. mars viser den lokale registreringsløysinga 1111 registrerte smittetilfelle i Surnadal kommune. I same tidsrommet viser MSIS-registeret 251 registrerte tilfelle i vår kommune.

Statistikk frå MSIS er difor lite egna til å gi eit bilete av smittesituasjonen med tilhøyrande konsekvensar for den enkelte kommune. Det høge sjukefråværet og store belastninga vi har hatt, særleg innan helse og oppvekst, skuldast at det lokale smittetrykket desse vekene faktisk var på det høgaste gjennom heile pandemien.

Tek vi med slutten av januar har vi så langt i år fått melding om positiv test frå 1590 innbyggarar. Heldigvis ser det no ut til at vi har passert smittetoppen lokalt etter ein periode der mange av oss har fått kjenne korona på kroppen, også i vår kommune.

Med vennleg helsing
Gunn Bredesen
Einingsleiar Helse og familie

 
Publisert: 17. mars 2022, 18:41