Her kjem kåringa av fjorårets vinnarar av månadens bilete. Stem på årets bilete for 2021.
Les heile saka
Her kjem kåringa av fjorårets vinnarar av månadens bilete. Stem på årets bilete for 2021.
Les heile sakaNils-Erik Ulseth er inne i sin siste sesong og har dei siste dagane delteke i VM i snøsport for parautøvarar på Lillehammer. Torsdag var det siste konkurranse i skiskyting, og dermed siste store løp på heimebane for Nils-Erik. Han er paraidrettens «grand old man», og satsa på medaljeplass eller kanskje aller helst gull i konkurransen som foregikk på Birkebeineren skistadion på Lillehammer.
Les heile sakaI dag hadde Surnadal Pensjonistlag årets første trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Sjølv om det var dårleg føre med snø og vind, møtte den «harde kjerne» opp for å vere med på ei trimøkt og sosialt samvær. Surnadal Pensjonistlag har vore så heldige å få med seg fysioterapeut Oda som instruktør på torsdagar utover etterjulsvinteren.
Les heile sakaStrikkekaffen som var planlagt til komande laurdag 22. januar, blir utsett til februar, melder Todalen Sanitetsforening. Saniteten kjem at med ny dato så snart den er klar.
Todalen Idrettslag hadde måndag kveld styremøte. Idrettslaget har, som resten av samfunnet, vore nødt til å tilpassa drifta si til koronasituasjonen som har vore, og som framleis gjeld. Styret ser no at det, i tråd med gjeldande smittevernreglar, er mogleg å opne tilbod som har vore stengt ei stund.
Les heile sakaSurnadal bibliotek inviterer, i samarbeid med Litteraturhus Møre og Romsdal, til forfattartreff med Tore Renberg tysdag 1. februar klokka 19:00 i kinosalen på Surnadal kulturhus. Litteraturhus i Møre og Romsdal bidreg til at litteraturtilbod blir tilgjengelege for alle i fylket, og er eit samarbeid mellom Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum. Målet er å gje folk i heile Møre og Romsdal fylke gode litteraturopplevingar. Prosjektet gjeld førebels for perioden 2021 – 2023.
Les heile sakaSøndag 23. januar klokken 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Cathrine Grutle, medan Bernt G. Bøe er organist denne søndagen. Takkoffer til Misjonsprosjektet, som har vippsnummer 506908.
Les heile sakaDet er i dag akkurat 20 år sia Surnadal kulturhus på Skei vart offisielt opna. Jubileet vil bli markert seinare i vinter, da ein forhåpentleg opplever ein meir «arrangement-venleg» periode. Kulturstyret la inn kulturhus i sitt langtidsbudsjett allereie i 1987, men det skulle gå lang tid før endeleg vedtak om bygging vart fatta. Kommunestyret gjekk i desember 1998 inn for bygging av kulturhus med ei kostnadsramme på 51 millionar kroner.
Les heile sakaTysdag 15. februar inviterer SuSu-KOF til digital SuSu:Arena. Dette vil vere ein arena der elevar frå dei videregåande skulane, vaksenopplæringane og elvar frå 10. klasse ved ungdsomsskulane kan delta på digitale stands. Det blir altså ein digital karrieredag.
På dei digitale standane vil det vere utdanningsinstitusjonar frå regionen, opplæringskontora og næringslivet frå Surnadal, Sunndal og Tingvoll kommunar, seier prosjektleiar Kim Stian Bråstad.
For å gjennomføre karrieredagen brukar vi ei plattform som heiter «Myonvent», som er tilrettelagt for denne typen arrangement.
For første gong arrangerte Trondheim Randoneeklubb NM og NorgesCup. Laurdag var det NM i distansen Vertikal, som enkelt og greit består i å kome seg raskast til topps. Dette lokka mange også frå andre kondisjonsidrettar. Verdt å nevne at nokre av verdas beste fjelløparar stilte til start, slik som Jonathan Albon, Henriette Albon og Johan Bugge ( som vann NM tittelen).
Les heile sakaVekestatus om smittesituasjonen og koronavaksineringa i Surnadal – Status for lokal smittesituasjon
Surnadal kommune har eit pågåande lokalt utbot med stigande smittetrend over tid i kommunen og i
kommunens bo- og arbeidsregion. Sjølv om smittesituasjonen er relativt roleg, har antal smitta i Surnadal på to månader auka frå omlag 20 smitta totalt til omlag 90 bekrefta smittetilfelle.
Ein skal kankje ikkje skulde på Gyda, det som stormen har herja med i natt. I nattens mulm og mørke har iallfall Hengebrua ved Heggøyann fått hard medfart, og er såleis stengt inntil vidare. Det er gangbanen som er vrengt, slik at det ikkje er muleg å ta seg fram over brua slik som den ligg no.
Les heile saka