No er vi i full gang med å førebu årets store vårsal, fortel Gudmund Kårvatn hos Kårvatn fjellutstyr. – Mykje fint er på tur inn, og vi treng plass. Difor har vi rydda, og mykje fint blir no tilgjengeleg til gode prisar – opptil 70% rabatt! Torsdag 5. mai kl 10:00 startar vi salet på «butikken på låven
Les heile saka
8. mai markerer Nordmøre Brigadeveteranforening i samarbeid med Nordmøre forsvarsforening frigjeringsdagen/veterandagen. I år vil det bli markeringar ved Russergravene ved Vinje kirke kokka og ved Aure kyrkje.
Les heile saka
Fredag 8. juli har du sjansen til å delta på en natur- og matopplevelse utenom det vanlig. Da arrangerer nemlig Svinvik Gard og Trøndelag Sankeri, der du får bli med ut i naturen og lære deg å finne ville vekstere som er spiselig og nyttige
Les heile saka
Det var ikkje akkurat mildt og fint vårver første kløverturdagen i mai, men regnelingar og sterke vindkast. Turvandrarane måtte halde både på hatten og håret!
Les heile saka
Tysdag 3. mai – og inntil vidare, utgår balldagen på Todalshytta på grunn av sjukdom. Todalshytta vil annonsere ny oppstart igjen, melder Arve Evensen til Todalen.no .
Torsdag 5. mai klokka 11:00, inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur frå Kalkstranda og oppover mot toppen. Stavganggruppa ber deltakarane ta med seg stolar for å sitje på under kaffen etter turen.
Les heile saka
Fredag 6. mai, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både fleire sortar med grovbakst, og ikkje minst kaffebrød til helgakosen.
Les heile saka
Søndag 1. mai gjekk startskottet for årets Stikk UT!-sesong. Godt ver og mykje folk både i Toåa tursti og i Svinvikrunden. Kjekt med turopplegg som gjer at det er lett å finne fram om ein er ukjent, og som er tilrettelagt for parkering.
Les heile saka
I dag inviterte Surnadal Arbeiderparti til god «gammeldags» 1. mai-feiring på Surnadal kulturhus. «Arbeidernes internasjonale kampdag» har vore feira i Norge sidan slutten på 1800-talet. I år var hovudparolane: Frihet, demokrati og solidaritet, noko som dessverre er meir aktuelt enn på lenge, sidan vi igjen opplever krig og krigshandlingar i Europa. Mange møtte opp på kulturhuset for å vere med på 1. mai-feiringa i Surnadal, slik at det vart eit flott arrangement.
Les heile saka
Vinnaren av månadens bilete for mars vart Trine Storholt sitt bidrag av dottera Frida og kalven Frida. Under finn du alle bileta som var med i kåringa. Send oss gjerne fleire bidrag på red@todalen.no
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 2. mai. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Da er tida inne for å fornye støttemedlemskapet sitt i Todalen.no. Støttemedlemskapet kostar kroner 200,- per person per år. Dei som er registrert med e-postadresse har fått faktura for støttemedlemskap i innboksen sin i dag. Det er mogleg å betale støttemedlemskap på tilsendte faktura eller via vippse til 107600. Ved bruk av vipps, husk å skrive namn på den det blir betalt støttemedlemskap for.
Les heile saka