Måndag føremiddag var 6.-klassingane på Todalen og Stangvik oppv3ekstsenter på todalstur – nærare bestemt i Austistua på Hala – det det var annonsert kuslepp. 42 våryre kyr og kviger vart slepte ut i sola og finvêret. Det var nok litt av eit sjokk, for vi fekk oppleve mange kåte sprell, og det var nok ikkje alle som var så spreke som dei trudde – litt stivt og sterve må ein rekne med etter eit halvår innendørs.
Les heile saka
Fredag 20. mai, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både fleire sortar med grovbakst, og ikkje minst ein godbit til helgakosen.
Les heile saka
Todalshytta ønsker velkommen til 3-retters middag i restauranten på 17. mai. Etter mange forespørsler åpner vi restauranten for servering kl. 14:00 til kl. 18:00, og byr på 3 retters 17. mai-meny
Les heile saka
Onsdag 18. mai klokka 18:00 er det duka for lokaloppgjer mellom Søya/Todalen J11 og Surnadal på Bordholmen stadion. Dette er lokalfotballens El classico, så her er det berre å møte opp, for å få sjå god fotball og noko ein godbit frå kiosken!
Les heile saka
Rindal I.L. friidrett har tradisjon for deltaking på vårens vakraste eventyr som Holmenkollstafetten blir kalla. Slik også i år, og laget hamna på 10.-plass med sitt sterke lag noko dei kan være stolte av. Arrangøren hadde litt problem med resultatservicen, men plasseringa er iallfall rett, skriv Rindal IL friidrett på sine FB-seider
Les heile saka
I dag arrangerte Nordvik Båtforening og Nordvik Grendalag dugnad i området der den nye småbåthamna på Nordvik skal byggast. 20 personar møtte opp for å vere med på Dugnadan. Per E. Gjeldnes Maskin stilte med gravemaskin, medan Kristoffer Nordvik og Ola J. Nordvik stilte med traktor og hengar.
Les heile saka
I dag var det sesongens siste samling med strikkekaffe i Sanitetshuset. Med regn, vind og nysnø i fjella var det nok godt å ha ein inneaktivitet å ty til, og strikkekaffen samla da eit lite tjetals deltakarar – mest for å være sosiale og gjæra ting i lag. På strikkekaffe kan du delta sjølv om du ikkje strikkar eller har anna handarbeid – alle er velkomne hit. På dagens samling var det stor spennvidde i alder – faktisk frå 0 til 101 år, og heile gjengen såg ut til å trivast i lag
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 16. mai. Start frå Matkroken, Todalen, kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Fjord1 melder om at planlagt nattarbeid natt til 17. og natt til 18. mai er utsett, og det blir difor vanleg drift og normal rutetabell desse to nettene. Fjord1 minner og om at det er søndagsrute på 17. mai.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 14. mai i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile saka
På tysdag er det den 17. mai, så da går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sjølvsagt i tog, men onsdag 18. mai klokka 10:30 er det duka for tur, denne gongen til Storsetra i Stangvik. Oppmøte ved Bondehuset i Stangvik klokka 10:30.
Les heile saka
I kveld var det ryddedugnad, for å rydde langs vegkantana rundt bygda, slik at det skal vere fint til 17. maifeiringa. Mange, både frå Start 4H og andre, møtte opp for å vere med på ryddedugnaden, så på ein stor time var alle vegkantane rydda.
Les heile saka