Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. mai. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. mai. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile sakaFredag 20. mai var første opningsdag for Svinviks Arboret i – alt første opningshelga er det venta eit bra innrykk med folk som vi ha med seg rododendronblomstringa i arboretet. Blomstringa er alt i gang, men det kalde vårvêret som har vore har gjort at blomstringa langt i frå har nådd toppen enno. Men kjem varmen for fullt no, så vil det nok sette fortgang på blomstringa, seier Katarina Wedelsbäck Bladh, som er fagleg ansvarleg i Svinviks Arboret
Les heile sakaTysdag 24. mai kl 13 er du invitert til lunch, dersom du er godt vaksen, og har lyst! Det er Todalen sanitetsforenings beredskapsgruppe som inviterer, og dei byr på gratis og god mat skriv Saniteten i si innbyding. Det er inga påmelding til lunchen som foregår i Sanitetshuset på Kvennset
Les heile sakaLaurdag 28. mai klokka 12:00 inviterer Vårsøghelga til landering av det nye opplaget av diktsamlinga «Å vera her». Dette skjer på biblioteket på kulturhuset i samband med Vårsøghelga. Randi Skrøvset Hatle og Sverre Hatle gav ut denne diktsamlinga i 2011. Diktsamlinga har vore utselt ei god stund, så difor har Surnadal Heimbygdlag no fått trykt opp eit nytt opplag av diktsamlinga
Les heile sakaDet pågår akkurat no vasking av tunnelveggane i Svinviktunnelen. Dette medfører manuell dirigering, noko som kan innebere at ein må vente litt før ein får sleppe igjennom tunnelen. Det er difor greit å rekne med litt ekstra tid i dag, dersom ein skal ut av bygda i dag og har ein timeavtale eller skal nå ei ferge.
Les heile sakaTysdag 24. mai inviterer, Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag, til ny tur, og denne gongen til Storhaugen i Todalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30, for samkøyring til Todalen og parkering ved Todalshytta. Dei som bur slik at det er raskare å køyre direkte, gjer det!
Les heile sakaStavgangruppa i Surnadal Pensjonistlag, hadde i dag tur til Åsskard. Det var fint turvêr, så det vart ein fin tur med mykje fuglesong å høyre og fin natur å sjå på.
Les heile sakaOnsdag 25. mai inviterer kyrkja i Surnadal igjen alle til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Da blir det servert middag og ettermiddagskaffi/te til alle i alle aldrar. Serveringa er i tidsrommet frå klokka 16:00 – 16:45, men dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.
Les heile sakaI dag hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag tur til Storsetra i Stangvik, og det vart ein skikkeleg finvêrstur, seier rapportane frå turen. – Vi var litt spent på oppmøtet 18.mai, men pensjonistane våre har nok vore ute ein slik dag før, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa.
Les heile sakaI kveld var det lokaloppgjer mellom Søya/Todalen sitt J11 lag og Surnadal på Bordholmen stadion. Ulikt mange lokaloppgjer, så vart dette eit lokaloppgjer med mykje godt spel og mange scoringar. Første omgang var i starten jamspelt, med mykje godt spel, frå båe lag. Utover i omgangen overtok heimelaget meir og meir av banespelet. Dette resulterte […]
Les heile sakaI tradisjonen tru, så vart siste del av 17. maifeiringa i Todalen innleia med gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg Cathrine Grutle heldt festgudstenesta på nasjonaldagen, medan årets konfirmantar, Nora M. Kårvatn og Shan Allan Halle, las frå dagens tekst. Bernt G. Bøe var organist, og han spela også piano da P17-koret song til slutt under gudstenesta.
Les heile sakaPÅ grunnlovsdagen inviterte Todalen Idrettslag alle sambygdingar og andre interesserte til frukost på Bordholmen. Og mange tok nok mot invitasjonen og på det meste vart det nok godt over hundre til bords på «uterestauranten» framfor klubbhuset. Leiar i Todalen I.L., Elinor Bolme, tykte det var stor stas med det fine vêret og alt folket hun hadde til bords i formiddagstimane på grunnlovsdagen
Les heile saka