I disse dager kan Sparebank1 Nordmøre sjå attende på det første heile driftsåret, samtidig som rekneskapen for 1. kvartal 2022 er klart. Administrerende direktør Allan Troelsen presenterte både tal og fakta på ein pressekonferanse i Surnadal i går, og var godt nøgd både med tala frå det første heile driftsåret og med første kvartal i 2022. Troelsen ga uttrykk for at han var nøgd med 2021 til tross for at resultatet var prega av mange ekstraordinære kostnader i samband med samanslåinga av dei to bankane – Sparebank1 Nordvest og Surnadal Sparebank , som frå 3. mai i fjor vart til nybanken Sparebank1 Nordmøre
Les heile saka
Onsdag ettermiddag var kampsportgruppa ved Nordmøre Folkehøgskule samla til avslutningsfest på Gammelfabrikken i Brusetmarka. NoFo har nemleg sin siste skuledag komande laurdag og dermed var det duka for ei litt spesiell avsluningsfest denne ettermiddagen. Dei laga nemleg sin eigen festmeny, som bestod av Viltgryte med tilbehør og Pizzasnurrar med viltkjøtt.
Les heile saka
Vinnaren av månadens bilete for april ble Ingri Bruset. Redaksjonen gratulerer, og premien er klar.
Les heile saka
Onsdag kveld var det lokale hagelaget på den årlege dugnaden i Svinviks arboret. I løpet av eit par timar svinga dei både river, hakker og hagesakser, så nå er det ryddig og fint til sesongopninga til neste helg. Nærare bestemt så opnar aroretet for ny sesong fredag 20. mai – og det stemmer nok bra med blomstringa i hagen, seier Katarina Wedelsbäck Bladh som er fagleg ansvarleg i arborete
Les heile saka
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sesongopna med «topp» tur til Kvalnesvika i går. – Sjølv om det ikkje var topptur, vart det likevel mange høgdemeter om vi legg saman alle motbakkane att og fram, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa.
Les heile saka
Tysdag kveld var det dugnad og klargjering for laksefisket i Toåa. Laksefisket startar først 15. juni, dugnadsgjengen jobba med å få alle skilta på plass ved elva, og på strekninga Meet til Nedre Oddøyhølen er skilting og rydding prega av «Gyda» som laga 10-årsflaum i To
Les heile saka
I ei pressemelding vi har fått frå Amfi Kreativ, blir vi informert om at dei no er klare med ei ny utgåve av Surnadals-magasinet. No er det vårutgåva av magasinet som står for tur, og magasinet er fylt med både aktivitetskalender for sommeren og lokale badeperler i Surnadal kommune.
Les heile saka
Helse- og omsorgstenesta, Kultur og Frivilligsentralen i Surnadal kommune, har i 2021/22 hatt eit samarbeidsprosjekt. Samarbeidsprosjektet har dei kalla: Ledsagerteneste «Treng du fælje?». Dette er ei følgeteneste, basert på frivillige, som kan bli med innbyggarar, som ønsker det, til legetime og sykehus. Arbeidsgruppa inviterer difor til informasjonsmøte torsdag 12. mai klokka 18:00 i lokala til Frivilligsentralen i Møbel-Fiske bygget på Skei, for å informere om den nye tenesta.
Les heile saka
I går kveld spela Søya/Todalen sitt G10 lag sesongens første seriekamp denne sesong. Motstandar var Dahle frå Kristiansund, og kampen vart spela i Kristiansund. Heimelaget kom best i gang i kampen, men bortelaget kom meir med utover i kampen.
Les heile saka
Torsdag 12. mai klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Haltbakken. Oppmøte og parkering ved Rabbleet (Sollia) på Nordvik. Det blir kaffepause i gapahuken på tur frå Haltbakken.
Les heile saka
I løpet av helga har det pågått demonteringsarbeid av lyspålane i Todalen Idrettslag si gamle og nedlagte lysløype på Ørsal i Ørsalbukta. Det var Bjørn Kvendset, med gravemaskin med klip, som tok ned alle pålane. Ola H. Ansnes demonterte alle lysarmaturane og kablane, slik at armaturen og kablane, no i kveld, kunne samlast inn for levering på godkjent søppeldeponi.
Les heile saka
I løpet av helga har det vorte laga nye benkar, som er designa i tråd med profilen til «Innfallsporten til Trollheimen», sitt designprogram. Det er Ståle Ansnes og Ragnar Halle som har stått ansvarlege for arbeidet. Søndag var det klart for å køyre ut og plassere benkane på dei stadane som skal ha slike.
Les heile saka