Siste måndagen i august skein sola frå skyfri himmel over Todalen, ein nydeleg dag for Kløvertur!
Les heile saka
Siste måndagen i august skein sola frå skyfri himmel over Todalen, ein nydeleg dag for Kløvertur!
Les heile sakaKulturlandskapsprisen 2022 går altså til Gudmund og Cathrine Kårvatn. Det opplyser Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i ei pressemelding i dag. Det er Statsforvalteren i Møre og Romsdal som deler ut prisen. – Garden deira, Kårvatn, ligg øvst i Todalen i Surnadal kommune. Garden vert driven imponerande allsidig og godt for folk og fe, seier Statsforvaltaren i pressemeldinga.
Les heile sakaTodalen Sokneråd inviterer til hausttakkefest i Todalen kyrkje søndag 4. september klokka 11:00. Det blir også utdeling av bøker til 4 og 6-åringane. Liturg er Torbjørn Brøske medan Bernt G. Bøe er organist.
Les heile sakaNatacha Nordvik på Liatun, undrar på om nokon har sett katten hennar Simba? Simba er ein kastrert hankatt på eitt og eit halvt år, og han er glad i folk. Han har vore borte sidan torsdag sist veke, og Natacha lurer på om nokon har sett han?
Les heile sakaOnsdag 31. august klokka 18:00, inviterer Barne- og og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag alle i Todalen, på Nordvik, og resten av Todalen og Stangvik skulekrins, til friidrett på Bordholmen stadion. Det blir lengde (med og utan tilløp), kast med liten ball og springing av 60 og 400 meter.
Les heile sakaMartinus Ørsund, hos Statnett SF, melder at det frå i dag og fram til fredag, vil bli bli detonert eksplosivar i ei høgspentmast langs Auralinja, frå Todalen litt opp i lia mot fjellet. Grunnen til dette er naudsynt arbeid som følge av eit havari. Statnett SF beklagar den korte fristen for varslinga, men havariet gjer det naudsynt å få gjort dette arbeidet med ein gong.
Les heile sakaFredag 2. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen.
Les heile sakaDen 16. juli hadde vi ei sak om eit ras som hadde gått i Åsbøsnyta som hadde stoppa før det kom ned til vegen. Vi hadde eit par bilder som var tekne på avstand, slik at det var vasnkeleg å sjå kor stort det var. Anders Magne Ormset, som driv jakt i området her, var i området her i går som førebuing til jakta. Han vart overraska over kort stor raset var, og har sendt oss bilde frå rasområdet
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 29. august. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile sakaPandemien vi har opplevd dei siste 2-3 åra har vist oss at vi har behov for å treffast og være sosoiale – BH-festivalen er ikkje noko unntak. Elinor Bolme ønska eit 50-tal deltakarar velkomne på BH-festival i Bekkerhagan bustadfelt, og sa at dei hadde ikkje så mykje å by på, men det er atig å treffast lell. Bekkerhagan Vel var vertskap for BH-festivalen.
Les heile sakaÅrets utgåve av Søyacupen vart arrangert på Søyabanen i dag. 64 lag med spelarar, både jenter og gutar, i alderen 6 – 12 år, spela totalt 97 kampar. Ramma rundt Søyacupen var som vanleg bra, og når dei i tillegg fekk med seg vêrgudane på laget, så vart det ein vellykka cup med gode fotballminner for både spelarar og publikum.
Les heile sakaLørdag 27. og søndag 28. august er siste sjanse for à la carte meny i restauranten på Todalshytta. Fra neste uke er Todalshytta åpen bare på bestilling for selskap, arrangement og overnatting, melder Arve Evensen. Ta kontakt med Arve på telefon 929 97 550 for eventuell avtale om servering og overnatting.