Noko nytt, med noko meir gammalt, i Surnadal kulturhus denne hausten. Ein filmklubb skal vise filmar – gode filmar – som ikkje går på kinoane. Og gjerne filmar som har vunne seg ein rettmessig plass i filmhistoria, som tre av dei klubben sett opp i haust; «Casablanca», «Gjøkeredet» og nydelege «Cinema Paradiso». Eller nyare filmar som er på tur til å få tildelt ein slik plass, som oscarvinnaren frå i fjor «Nomadland».
Les heile saka
Torsdag 15. september klokka 11:00, inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur. Denne gongen går stavgangturen til Sjøasetervatnet. Oppmøte klokka 11:00 ved bommen, for samkøyring oppover lia.
Les heile saka
Brusetmarka er firma Arveid Gjerde frå Innfjorden, i sving med å utbetre rekkverket/glidekanten forbi Bjøråbrua. Fire bilar og 4 mann var i full sving med å demontere den gangel glidekanten for å erstatte denne med ny og høgare glidekant, som skal sikre brua og ferdselen over brua, fortalte Stian Bjerkeli frå firmaet
Les heile saka
Stangvik Sokneråd arrangerer busstur til Nidarosdomen søndag 25. september. For at turen skal bli realisert må vi ha minst 30 påmeldte. Vi starter med gudstjeneste i Nidarosdomen, og etterpå blir det lunsjbuffé på Ni Muser. Deretter guiding i Nidarosdomen.
Les heile saka
Fredag 16. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen.
Les heile saka
Onsdag 14. september klokka 18:00 er det klart for lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen sitt J/G 8 lag seriekamp mot Surnadal hvit.
Les heile saka
Forleden fann Sidsel Heimlund ein liten pose som hang på ein grein i Toåa Tursti. Sidsel vart litt nysgjerrig og tok ned posen som viste seg å være ein liten lykkepose, med ei lita helsing i kvardagen.
Les heile saka
Todaeln sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 12. september. Start frå Matkroken kl. 11.00. Blir du med?
Les heile saka
Det var bra tilslutning til Stikk UT! Festivalens arrangement i Toåa Tursti fredag kveld. Eit hundretals deltakarar kom på arrangementet i Toåa Tursti, og det er vi godt nøgde med, seier Ola Fremo og Liv Synnøve Hoel frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd. Arrangementet var eit samarbeid mellom Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Fellowman Surnadal, Todalen sanitetsforening […]
Les heile saka
Her kjem ei påmming om å stemme på det beste Dagens bilete i august. Du har fram til søndag til å benytte deg av stemmeknappen.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde hadde i dag stavgangtur til Roparen i fint haustvêr. Turen gjekk frå parkeringsplassen ved Surnadal alpinsenter og derifrå oppover til Roparen.
Les heile saka
Dei siste tre vekene har det gått føre seg arkeologiske undersøkingar i Svinvika. Det er arkeologar frå Møre og Romsdal fylkeskommune som har gjort forundersøking i den framtidige vegtrasen for Todalsfjordprosjektet. Dei har ikkje gjort nokon sensasjonelle funn, men likevel er det gjort interesante funn som det skal bli spennande å analysere. Dei vil kanskje endre historia om busettinga og gardsdrifta i Svinvika, seier feltleiar Einar Kristensen til Todalen.no
Les heile saka