Fredag 16. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen.
Les heile saka
Fredag 16. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen.
Les heile sakaOnsdag 14. september klokka 18:00 er det klart for lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen sitt J/G 8 lag seriekamp mot Surnadal hvit.
Les heile sakaForleden fann Sidsel Heimlund ein liten pose som hang på ein grein i Toåa Tursti. Sidsel vart litt nysgjerrig og tok ned posen som viste seg å være ein liten lykkepose, med ei lita helsing i kvardagen.
Les heile sakaTodaeln sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 12. september. Start frå Matkroken kl. 11.00. Blir du med?
Les heile sakaDet var bra tilslutning til Stikk UT! Festivalens arrangement i Toåa Tursti fredag kveld. Eit hundretals deltakarar kom på arrangementet i Toåa Tursti, og det er vi godt nøgde med, seier Ola Fremo og Liv Synnøve Hoel frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd. Arrangementet var eit samarbeid mellom Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Fellowman Surnadal, Todalen sanitetsforening […]
Les heile sakaHer kjem ei påmming om å stemme på det beste Dagens bilete i august. Du har fram til søndag til å benytte deg av stemmeknappen.
Les heile sakaStavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde hadde i dag stavgangtur til Roparen i fint haustvêr. Turen gjekk frå parkeringsplassen ved Surnadal alpinsenter og derifrå oppover til Roparen.
Les heile sakaDei siste tre vekene har det gått føre seg arkeologiske undersøkingar i Svinvika. Det er arkeologar frå Møre og Romsdal fylkeskommune som har gjort forundersøking i den framtidige vegtrasen for Todalsfjordprosjektet. Dei har ikkje gjort nokon sensasjonelle funn, men likevel er det gjort interesante funn som det skal bli spennande å analysere. Dei vil kanskje endre historia om busettinga og gardsdrifta i Svinvika, seier feltleiar Einar Kristensen til Todalen.no
Les heile sakaKyrkja i Surnadal fortsett også i haust tilbodet om felles middag, siste onsdag i månaden fram til advent. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det frå klokka 16:00 blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te. Dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.
Les heile sakaDet var litt uvant å treffe på Veidekke-bil som jobba med vegstikker ovafor arboretet i Svinvika i dag. Men det er da kome til eit skifte frå Mesta som har drive vedlikehald på vegane her i mange år – no er det Veidekke som står for denne jobben. Dersom vi hugsar rett så blir dei å finne på vegane her i minst 7 år – kanskje lenger? Vi trefte iallfall Ole Peder Holten og Ola Svinsås som var i gang med å plassere ut vegstikker – dei to skulle sette ut korte stikker langs vegen som hadde rekkverk
Les heile sakaI kveld var det eit skikkeleg klassisk lokaloppgjer i lokalfotballen, da Søya/Todalen G10 spela seriekamp mot Surnadal G10 på Bordholmen stadion. Det er tre todalingar som spelar på Søya/Todalen sitt lag, medan det er til vanleg er to todalingar på Surnadal sitt lag, så her var det mange kjente fjes å sjå.
Les heile sakaTysdag 13. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Blåfjellet i Heim kommune. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30, for samkøyring til Rognskog i Betna, der det blir parkering.
Les heile saka