Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Populært med balleik i styggvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. februar 2023

Dei to siste dagane, har vore av det vindfulle slaget. Da er det ikkje akkurat uteaktivitetar som freistar mest, så da er det bra Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag kan tilby balleik for barn og unge i gymsalen på Todalen skule. 

Kanonball. Foto: Anders Gjeldnes

Vêret var nok ein viktig grunn til at så mange tok turen til gymsalen i kveld, for å vere med på balleiken.

Kanonball. Foto: Anders Gjeldnes

Først var det frileik der kvar enkelt fekk halde på med det dei ville, anten åleine eller saman med fleire. Så vart det ei økt med stikkball, før kveldens «treningstime» i gymsalen vart avslutta med kanonball. 

Stikkball. Foto: Anders Gjeldnes

Publisert: 9. februar 2023, 19:21