Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik med norske farger til VM i Spania

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. februar 2023

Erik Kårvatn som representerer  Trollheimen Fjellsportklubb er teken ut til VM i Randone i i Boi Taüll, Spania.  No er det nøyaktig 2 veker til VM startar, og Erik driv no og finpussar forma – jobbar mellom anna med å få opp farten på sprinten.

Men det er individuell Erik likar best, det det er både artigast og det er der eg er best.  I fjor hamna eg på 16.-plass, og håper på ei betre plassering i år – i år er han 2.års deltakar i 20-årsklassen og er den einaste norske deltakaren i herreklassen.

Frå starten på vertikalen sist søndag – her ligg Erik Kårvatn (nr 102) heilt i tet ut frå start. Foto Jon Olav Ørsal

Det blir nok travle dagar for Erik – han reknar med 4 dagar med konkurranse, med 2 dagar fri innimellom.  Under VM er det konkurransar i sprint, vertikal, individuell, lag-konkurranse og mix-stafett, men Erik kan ikkje ta del i alt.  – Kva øvingar Erik skal gå blir bestemt seinare.

Heile uttaket – heile deltakartroppa som reiser til randonee-VM i Spania: 

U18 Malin Indergård (Romsdal Randoneeklubb) Ingfrid Klokset (Tomrefjord IL) Mads Kirkreit Gjethammer (Romsdal Randoneeklubb) Emil Aslaksen Røed (Romsdal Randoneeklubb) Kristoffer Strømdal Wik (Byåsen skiklubb)

U20 Ida Waldal (Hommelvik IL) Erik Kårvatn (Trollheimen Fjellsportsklubb)

U23 Trym Dalset Lødøen (Haugen IL) Sander Engdahl (Romsdal Randoneeklubb) Morten Antonsen (Gjerdrum IL)

Senior Hans-Inge Klette (Viljar IL) Vegard Øie (Romsdal Randoneeklubb) Bjørn Haugo Herfindal (Tromsø Randoneeklubb)

Publisert: 11. februar 2023, 18:00