Torsdag 29. september inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Bøkeskogen i Stangvik. Oppmøte på parkeringsplassen ved Svisshomen klokka 11:00.
Les heile saka
Torsdag 29. september inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Bøkeskogen i Stangvik. Oppmøte på parkeringsplassen ved Svisshomen klokka 11:00.
Les heile sakaDa er siste bøssa frå årets Demensaksjon komen inn og talt opp. Surnadal demensforening og helselag og Åsgard helselag er særs godt nøgd med eit topp resultat for årets Demensaksjon. Dei to helselaga i kommunen har samla inn til saman kroner 119.522,- under årets aksjon.
Les heile sakaSykkeltrimmarane i Todalen avslutta sesongen i går kveld, der sesongens siste «ritt» gjekk til Nordvik. «Turen gikk til Nordvik via gammelvegen og kammen/Brenna/Snøya», fortel Terje Nordvik.
Les heile sakaLaurdag 1. oktober inviterer Todalshytta til fårikåldag basert på årets lam. Siste veka på september er det lang tradisjon for å lage fårikål for å smake på årets lam. Lam som nærast er komene direkte frå fjellbeite i Trollheimen er vel noko av det ypperste du kan få som råstoff, seier Kjell Arve Vikavoll som skal sørge for at dette blir vellukka
Les heile sakaSol og landvind, nydeleg turområde og stort turfølge; betre kan det nesten ikkje bli på Kløvertur ein måndag sist i september!
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer godt vaksne todalingar, nordvikgardingar og andre interesserte til treff i Sanitetshuset med tema brannførebyggande tiltak onsdag 28. september kl. 12:00.
Les heile sakaDa har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papp og papir, plastavfall og matavfall, for fjerde kvartal 2022 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Fjerde kvartal strekker seg frå 1. oktober – 31. desember. Tømmekalenderen for første kvartal 2023, vil bli lagt inn siste halvdel av desember månad.
Les heile sakaFredag 30. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen. Lia gard feirar samtidig at inngangspartiet er pussa opp, ved å trekke ut ein heldig vinnar, av dei som førehandsbestiller innan onsdag, som får 5 skulebollar!
Les heile sakaI fjor endra Remidt hytterenovasjonen i Surnadal kommune. Dette inneber at søppeldunkane for renovasjon for Todalen vart flytta frå Talgø og Matkroken Todalen til Haugen vegkryss. Dette inneber mykje ekstra køyring for dei med hytter i Todalen når dei har fått meir enn dobla avstanden til søppeldunkane. Medan ein tidlegare kunne levere søppel samstundes som ein handla, må ein nå køyre 12 kilometer (ein veg) for å levere søppelposane sine
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 26. september. Start frå Matkroken/Halsbua kl. 11:00. Fint om du blir med ut på tur!
Les heile sakaSanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag ettermiddag; eit godt tiltak i bygda vår. Kjekt å kunne treffast til hyggeleg prat!
Les heile sakaTysdag 27. september klokka 19:00 kjem humorgruppa Kevli Rånes Bremseth til Surnadal kulturhus. Humorgruppa kan i 2022 feire at det har gått ti år siden dei hadde premiere på sitt første show. Sidan den gong har dei produsert og framført fem humormusikalske show som dei har reist rundt med i store deler av landet. No er dei igjen på vegen, denne gong med den etterlengta jubileumsforestillinga «Artighet varer lengst».
Les heile saka