Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

HalsOil er billigst i by’n

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. oktober 2022

Vi gjorde ei lita uoffisiell prissamanlikning i dag – noterte kort og godt prisane på bensinstasjonane på Skei, og samanlikna med prisane på HalsOil når vi var attende i Todalen.

Les heile saka


Dordi Jorunn Halle Sundag 16. oktober 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 17. oktober. Start frå Matkroken kl. 11:00. Du er velkomen til å bli med ut på tur!

Les heile saka

Bispebesøk i Surnadal

Tekst Bernt G. Bøe Sundag 16. oktober 2022

Mørebiskop Ingeborg Midttømme har visitas i Surnadal siste veka i oktober. Kyrkjesokna legg opp til eit allsidig – og annleis – program. Konstituert prost Vidar Rygh og lokalstaben tek bispefølgjet rundt i kommunen for å vise noko av det pulserande livet i bygdene.

Les heile saka

Nytt om Rinnanbanden på biblioteket

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. oktober 2022

Kanskje ei litt skremjande overskrift, men heldigvis er det berre Surnadal bibliotek, som torsdag 20. oktober klokka 13:00 inviterer til bokbad om Rinnanbanden. Henry Oliver Rinnan, bandeleiaren, og hans folk i Rinnanbanden, var av dei mest frykta og forhatte nordmennene under verdskrigen, gjennom si brutale og hensynslause verksemd i okkupanten si teneste.

Les heile saka

No kan lag og organisasjonar søke om straumstøtte

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 15. oktober 2022

Lotteri- og stiftelsestilsynet opnar for søknadar om straumstøtte for lag og organisasjonar frå onsdag 19. oktober. No kan også lag og organisasjonar i Midt-Norge søke om straumstøtte. Søknadsfristen er onsdag 16.november.

Les heile saka

Bra respons på lokal handledag

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. oktober 2022

Det var mange som stakk innom på den lokale handledagen på Matkroken sist laurdag.  Matkroken Todalen er ein av dei tre butikkane i Surnadal kommune som er med i Merkurprosjektet. Matkroken Todalen markerte dagen med gratis kaffe og både marsipankake og graut og bakels – noko som var sett stor pris på av kundane. 

Les heile saka

Konsertkveld med kulturell påfyll

Jon Olav Ørsal Fredag 14. oktober 2022

Det var sokneråda i Todalen og Stangvik som stod som arrangør av konsertkvelden i Stangvik kyrkje fredag kveld. Soknerådsleiar Rannveig Brøske sa det så rett, at ein slik kveld trong vi no!  Det er så lenge sia sist vi har hatt slike arrangement og det var godt med publikum i kyrkja. Bernt Bøe hadde regien på programmet, og hadde med seg P17-koret, men han hadde i tillegg fått med tenoren Harald Bjørkøy, barytonsongaren Svein Volle og komponisten Ole Karsten Surndlisæter på orgel og piano – og ikkje minst allsongen. 

Les heile saka

Husk «Handle lokalt»-dagen laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 14. oktober 2022

I morgon, laurdag 15. oktober, inviterer Matkroken Todalen, som vi tidlegare har skrive om, til «Handle lokalt»-dagen, med gode tilbod og gratis kaffe og kaker. Dette er ei årleg markering. for å synleggjera lokalbutikken sin viktige rolle i lokalsamfunnet gjennom å vere ein sosial møteplass, servicesenter og handlestad. 

Les heile saka

Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. oktober 2022

I eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane i fylket, som er finansiert av fylkeskommunen, kan huseigarar no få ta del i «Kampanje med digitale tenester», der ein kan få ein gratis og objektiv energianalyse av bustaden sin. Tildodet er gratis. 

Les heile saka


Stor givarglede på sanitetsbasaren – med trekningsliste

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. oktober 2022

Tysdag kveld var det stor givarglede da Todalen Sanitetsforening arrangerte sin årlege basar. Berre på førehandssalet kom det inn godt over 22.000, og i tillegg kom det inn mykje på kveldens basar.  Maren Ansnes som er leiar i i foreninga rosa sambygdingane og tykte dei var rause til å støtte den gode saka til Sanitetskvinnene.

Les heile saka