Attafor luke nr 9 fann vi eit reit naturprodukt – nemleg ein pose med 2 kg tyttebær som Marit Sanden Søyset eigenhendig har plukka. Den heldig vinnaren er Ivar Bolme som no har prima råstoff for å lage trollkrem – eller røra tyttebær til elgsteika? Fredag den 9 var det også to gevinstar – den […]
Les heile saka
I går kveld inviterte Foreldrearbeidsutvalet (FAU), elevane og dei tilsette ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter på Evenshaugen foreldre og søsken til adventstund. Elevane, med hjelp frå lærarane, hadde laga underhaldning med sketsjar, dans og songar, der temaet sjølvsagt var jul, og som dei framførte under adventstunda.
Les heile saka
Komande søndag 11. desember var det tillyst julebuffe på Todalshytta – Vi har no beslutta å avlyse denne julebuffen, da det har vore liten eller ingen respons på tilbodet, seier Arve Evensen på Todalshytta til Todalen.no. Todalshytta er medlem på Todalen.no
Les heile saka
Laurdag 10. desember, mellom klokka 11:00 – 14:00, vil Start 4H ha stand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje kornband. Grønskjora er her heile vinteren og er ein trufast gjest på fuglebrettet. Start 4H vil gjera stas på grønskjora, og andre fuglar, som vel å bli i Todalen gjennom den kalde tida, medan andre fuglar dreg til palmesus og ljose dagar på sydlege breddegrader.
Les heile saka
2 spennande gevinster attafor luke nr 8 som sjølvsagt er trekt ut på den 8. desember. Den første premien er Todalen historielags årsskrift for 2022, som saman med Seterbok for Todalen utgjør første gevinst – heldig vinnar er Gudmund Kårvatn. Gevinst nr 2 på denne dagen er eit puzzlespell i 1000 bitar, med motiv frå […]
Les heile saka
«Let it snow, let it snow» – song Tordenskjold songkor onsdag kveld i Ungdomshuset. Og det passa godt, for det snødde «gamle kjerringar» heile kvelden!
Les heile saka
I morgon kveld er det Adventskveld på Todalen og Stangvik oppvekstsenter på Evenshaugen. Difor blir Balleiken i gymsalen ved Todalen skule avlyst torsdag 8. desember. Det opplyser leiar i Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, Oda Halle.
Les heile saka
I kveld var det Øyagrenda sin tur til å tenne julelysa for å lyse opp litt i adventstida. Det er postkassestativet mellom Øya og Dakota (tidlegare Tovbu) og Øyabrua, som dei siste åra har vorte lyssett i adventstida.
Les heile saka
På pensjonistlaget årlege julemiddag fikk Liv Botten den gjeve eldrearbeidsprisen. Dette er ein pris som kvart år blir delt ut til ein person, lag eller foreining som har utmerka seg med positivt og ulønna eldrearbeid. Liv Botten har vore leiar for Surnadal demensforening og helselag i ei årrekkje. -Liv har eit brennande engasjement, er ryddig og har fokus på framdrift, sa Anett Ranes som delte ut prisen på vegne av Surnadal kommune.
Les heile saka
Tysdag 27. desember klokka 20:00 inviterer Todalen.no alle til Romjulsquiz i Todalen ungdomshus. Quizmastrane har laga spørsmål innafor mange tema, så her er det noko for ein kvar smak. Todalen.no spanderer forskjelleg typar snacks under romjulsquizen. Det blir også open pub med sal av øl og vin. Romjulsquizen er gratis for alle medlemmer, og kostar […]
Les heile saka
Bak luke 6 er også 2 gevinstar, og vi held oss framleis til heimestrikka handver – eit par strikkavottar og ei strikka lue i ull. Den heldige vinnaren av dei flotte strikkavottane er Svein Håvard Brøndbo. Medan den flotte lua i heimestrikka ull…. Her vart det Magne og Arndis Søyset som vart vinnarar. Begge gevinstane […]
Les heile saka
Onsdag 7. desember klokka 19:00, inviterer Tordenskjold songlag til førjulskonsert i Todalen ungdomshus. Tordenskjold songlag, vil saman med Los Invalidos og solist Nina Halset, sørge for god førjulsstemning.
Les heile saka