Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julegleda i tonar i Todalen og Åsskard kyrkjer søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. desember 2022

Koret P17 med solistar og orkester inviterer til tonande juleglede i Todalen og Åsskard kyrkjer søndag. Kantaten «I denne søte juletid» toppar eit rikhaldig program. Konserten i Todalen kyrkje tek til klokka 14:00, medan den tek til klokka 19:30 i Åsskard kyrkje. 

Les heile saka

Adventlotteri – sekstande trekning fredag 16. desember

Jon Olav Ørsal Fredag 16. desember 2022

Denne dagen er det tre gevinstar i Adventlotteriet som Todalen I.L. arrangerer  – som vi har skrive tidlegare er det berre kortreiste gevinstar, og Trimgruppa har opplevd ei stor gjevarglede hos dei lokale gjevarane.  Stor var også interessa for å kjøpe lodd i Adventlotteriet, noko som skaffa Todalen I.L.s trimgruppe eit loddsal på overkant av 28.000 kroner – som er ein flott innsats.  Vinnar denne veka Sidsel Ramsøy på To av gevinstane – ho vart den heldige vinnar av ein heimestrikka buff og eit par Selbuvottar i barnestørrelse.  Når det gjeld den tredje gevinsten som er ein bilde/kunstverk….

Les heile saka


Adventlotteri – femtende trekning torsdag 15. desember

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. desember 2022

Da har vi opna luke nr 15 på Trimgruppas adventkalender for 2022.  Bak luka har var det også to gevinstar som er klare for å få ein ny heim.  Den første gevinsten er ein hekla duk – handverk av beste klasse – og vunne av Liv Jorunn B. Moe i Bekkerhagan.  Gevinst nr 2 fikk også ny eigar …

Les heile saka

Adventlotteri – fjortande trekning onsdag 14. desember

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. desember 2022

Ny trekning er klar i adventlotteriet!  Denne gonger er det luke nr 14 som vart opna, og der fann vi som vanleg 2 gevinstar som er trekt ut til loddkjøparane som ventar forhåpningsfullt. Den første gevinsten er eit par strikkavottar som vart vunne av Kvennli på Kvennset.  Strikkavotta kjem vel med no om dagen når det er kaldvêr.  Den andre gevinsten er kanskje litt meir typisk sommarvarte, men absolutt gangleg vare som vi vet at vinnaren vil sette pris på.

Les heile saka

Stikk UT! Vinter 2023

Dordi Jorunn Halle Tysdag 13. desember 2022

Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder at Stikk UT! Vinter startar 15. desember! Her er det både skiturar og fotturar. I Todalen er det to vinterturmål, nemleg Tjønnmyran og Toåa tursti. Tjønnmyran er skitur, og Toåa tursti er fottur.

Les heile saka

Adventlotteri – trettande trekning tysdag 13. desember

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. desember 2022

I dagens trekning i Adventlotteriet var det også 2 gevinstar attafor luke nummer 13.  Den første gevinsten er eit stort glas med julebakst som sjølvsagt er kortreist.  Den heldig vinnar denne gongen er Sissel Vigdis Gravvold.   Dagens andre vinnar er også sikra kaffebrød i innspurten mot jul……   Ein stor pose med kanelsnurrar er dagens […]

Les heile saka

Bli med på siste trim i Trudvang før jul

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. desember 2022

Torsdag 15. desember klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til siste trim før jul i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!

Les heile saka

Innerdalen – eit populært turmål

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. desember 2022

UT.no har publisert den årlege oversikten over kva for  turistforeiningshytter i Norge som er mest besøkt i turguiden UT.no. På femteplass finn vi Kristiansund og Nordmøre (KNT) si hytte i Innderdalen, nemleg Innerdalshytta.

Les heile saka

Adventlotteri – tolvte trekning måndag 12. desember

Jon Olav Ørsal Måndag 12. desember 2022

Jammen går det fort unna, vi er alt komne til den 12. desember og vi er halvveis inne i adventstida.  Bak luke nr 12 fann vi også 2 gevinstar, og jammen var det eit ekte Todalsprodukt .  Et glas med todalshonning har fått Lauvås som vinnar i dag.   Gevinst nummer 2 er også kortreist, ei […]

Les heile saka

Siste bakeriutsal før jul hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. desember 2022

Fredag 16. desember, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til siste bakeriutsal før jul. Sidan dette er siste bakeriutsal før jul, ønsker Lia gard å gje bort ei julekorg full av god julebakst, til ein heldig vinnar som blir trekt ut blant dei som førehandsbestiller varer til utsalet deira på fredag. 

Les heile saka

Perfekte forhold på skeiseisen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. desember 2022

Knut Bergli i Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag kan melde om perfekte forhold på skeiseisen på Bordholmen stadion no. Det kalde vêret dei siste dagane har gjort at det har vore mogleg å lage is att. 

Les heile saka