Todalen Idrettslag har lange tradisjonar med å arrangere fest med revy i romjula. På grunn av koronaen er det no nokre år sidan siste gong det var fest med revy, men i romjula i år ønsker idrettslaget å prøve på att med revy, men da trengst det folk til å vere med!
Les heile saka
Det er funne eit par briller på vegen mellom Bordholmen stadion og Hallset bru. Så saknar du brillene dine? Da kan du i så fall få dei att i kassen på Matkroken Todalen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til tradisjonell basar i Sanitetshuset tysdag 11. oktober.
Les heile saka
Surnadal kommune informerer no om årets influensavaksinering. Influensasesong sesonger i år, er venta å bli noko verre enn normalt. Dette på grunn av dei omfattande smitteverntiltaka som har vore i samband med covid-19 pandemien. Det har vore lite influensavirus i omløp og vi har låg immunitet mot dette. Alle som er anbefalt influensavaksine er difor oppfordra til å ta den.
Les heile saka
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 17. og tysdag 18. oktober. Det er mange ledige timar båe dagane.
Les heile saka
I går kveld hadde styret i Todalen Idrettslag kalla inn sine medlemmar til medlemsmøte i Todalen ungdomshus. Bakgrunnen for møtet, var at styret i idrettslaget, ønskte å høyre kva for aktivitetar medlemmane ønsker at idrettslaget skal drive med i framtida og korleis desse skal organiserast. Knapt tretti medlemmar møtte opp. «Det vart eit positivt møte med mange gode diskusjonar og innspel», sa leiar i idrettslaget Elinor Bolme etter møtet. «Vi fekk mange gode innspel og forslag, som styret no skal arbeide vidare med fram mot årsmøtet neste år», la ho til.
Les heile saka
I dag startar tradisjonelt haustsal ved butikken på Kårvatn – det skjer for å frigjere plass til nyheiter som er på veg inn. No skal lagret og butikken ryddast, og det er særdeles mange godbitar til sterkt reduserte prisar! Mykje klede, sko, turutstyr, skiutstyr…. Vi opnar haustaget i butikken i morgon!! – Men utvalet finn du også […]
Les heile saka
Fredag 14. oktober er Stangvik kyrkje arena for ein unik kyrkjetonekveld. Tenorperler, orgelmusikk, kor og nye salmetonar står på programmet. Tenorsolist Harald Bjørkøy og musikkskapar Ole Karsten Sundlisæter er P17-korets gjester med eit smakfullt program.
Les heile saka
På garden Jostua Bele i Bæverfjorden har Solveig Haglund og Helga Bele eit unikt tilbod til personar som har demenssjukkdom. På møtet i Todalen sanitets forening tysdag kveld orienterte dei to engasjerte og positive kvinnene om prosjektet Inn på tunet.
Les heile saka
På grunn av omlegging til nytt datasystem vil Surnadal legesenter vere heilt stengt tysdag 11. oktober. Legevakta (116117) vil vere operativ. Ved akutt fare for liv og helse ring 113.
Les heile saka
Tysdag 4. oktober er det altså balldag igjen på Todalshytta. Arve Evensen fortel at det har vore ein travel haust og stor aktivitet på Todalshytta, sjølv om sesongslutt forlengst er passert. Tysdag er det imidlertid duka for ny balldag, og som vanleg er det fritt val om du vil ha potetball med tilbehør, eller kanskje du likar betre sildball med stekt bacon – valet er ditt, seier Arve.
Les heile saka
Søndag 9. oktober klokka 13:00 inviterer Svinviks arboret til foredrag og kunstutstilling i arboretet. På programmet står: «Invasiv rododendron i Norge – hybridisering, tilpasning, utbrudd og tiltak». Populærvitenskapeleg foredrag med forskar Duncan Halley frå NINA, Norsk institutt for naturforsking. Kafeen er også open, og her kan du få kjøpt kaffe og eplekake. Klokka 14:30 opnar salsutsilling, med den lokale kunstnaren Sissel Halset Storslett, dørene i fjøset i arboretet.
Les heile saka