Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank med støtte til Treffast Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 13. mai 2023

Treffast Surnadal fekk denne veka ei gledeleg melding frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank. Treffast fekk nemleg 50.000,- kroner i støtte til oppstart og grunninvesteringar knytta til utstyr og forbruksmateriell. 

Treffast Surnadal er ein frivillig organisasjon som driv med sosiale tiltak for personar, som av ulike årsaker slit med å ta vare på seg sjølv i kvardagen. Tildelinga frå Sparebankstiftelsen gjer at Treffast kan hjelpe enda fleire. 

Mottoet til Treffast Surnadal er at alle menneske er verdifulle. Tilboda deira er eit såkalla lågterskeltilbod, der alle som føler for det kan ta kontakt og bli med. Dette kan gjelde til dømes personar som nyleg har vorte pensjonistar, er arbeidsledige eller berre ønsker kontakt med andre. 

Treffast Surnadal har fast samling tysdagar og torsdagar på Frivilligsentralen Surnadal. Foto: A K N Bruset

Treffast Surnadal har fast samling på Frivilligsentralen Surnadal på Skei kvar tysdag og torsdag klokka 11:00. Tysdag er også fast turdag. 

Tysdag 16. mai tek Treffast Surnadal, med solist Carla, pianist Lubjo og gitarist Alex turen til Surnadal sjukeheim for å spre litt glede før nasjonaldagen. Så her blir det mogleg å bli med på både allsong og ei hyggestund i lag med andre.

Publisert: 13. mai 2023, 06:00