Todalen Idrettslag kan melde at det er nypreparerte skiløyper både i lysløypa på Tjønnmyra og nede i bygda, inkludert i Toåa tursti. Det er også trappa trase for å gå på føtene i Toåa tursti.
Les heile saka
Todalen Idrettslag kan melde at det er nypreparerte skiløyper både i lysløypa på Tjønnmyra og nede i bygda, inkludert i Toåa tursti. Det er også trappa trase for å gå på føtene i Toåa tursti.
Les heile sakaTodalen.no traff blink med sin Romjulsquiz 3. juledag i Todalen Ungdomshus. 75 ivrige quizdeltakerar fann vegen til ungdomshuset, som var julepynta for anledningen.
Les heile sakaSom vanleg var det god oppslutning om Romjulsmarsjen som tradisjon tru gjekk rundt bygda på 3. juledag. Folk tykte det var godt å kome seg ut ein tur, og jammen er det da godt å treffe anna folk etter nokre dagar med «bærre» familie. Sjølv om vêret og føret ikkje var heilt optimalt, så var det bra nok til at folk kledde godt på seg og tok turen rundt bygda til fots – eller med spark.
Les heile sakaDenne nysgjerrige krabaten viste seg fleire gonger i vegkanten attmed Sjøleet i dag. Odd Arild Sande sørga for å feste den til filmen som han sende til oss på Todalen.no. No er tusenkronersspørsmålet om det er røyskatt eller om det er snømus han har fotografert.
Les heile sakaTysdag 27. desember (3. dag jul) klokka 19:00 inviterer Todalen.no alle til «Romjulsquiz» i Todalen ungdomshus. Quizmastrane har laga spørsmål innafor mange tema, så her er det noko for ein kvar smak. Todalen.no spanderer forskjelleg typar snacks under romjulsquizen.
Les heile sakaDet som såg ut til å bli ein utsett sesongstart, vart likevel ein sesongstart 2. juledag slik som plana var. Beltetrøbbel for tråkkemaskina var årsak til at det låg an til utsetting av sesongstarten, fortel Odd Rune Hoem som er dagleg leiar i Surnadal Alpinsenter. – Vi fikk tak i eit sett med belter i Trysil, og disse var kjapt levert hit, og julaften vart dei montert på tråkkemaskina. Iherdig innsats av gode hjelparar gjorde at vi fikk preparert anlegget ferdig 1. juledag – og i dag opna vi som planlagt for publikum fortel Odd Rune.
Les heile sakaVi i redaksjonen nyttar høvet til å ønskje alle våre lesarar ei god og fredeleg julehelg. Men fordi om vi tek ein vefortent juleferie, så er vi nok likevel «litt på post» for å fange inn nyheiter. Elles er vi glade for at lesarane framleis er med oss – vi kan skilte med like bra lesartal som i fjor, både når det gjeld besøk på sida og talet på brukarar. Dette året er samfunnet stort sett kome i gang igjen etter pandemien, sjølv om influensa og covid enno «herjer litt». Dette har nok påvirka tilgangen på nyheitssaker i positiv retning.
Viktig er det iallfall at vi alle tek vare på oss sjølve og kvarandre.
God jul frå oss i redaksjonen! Bjørn Gunnar, Guro, Dordi Jorunn og Jon Olav
Årets julegudsteneste var attende til normalen etter 2 år og vel så det med arrangement påvirka av pandemi og redsel for smittefare. Kirsti Hjørnevik var liturg under dagens gudsteneste, og klarte å skape den gode julestemninga for oss som deltok på julegudstenesta. Gudstenesta var sjølvsagt prega av både juleevangeliet, julas bodskap og ikkje minst opplevde vi flott og kraftfull salmesong med kjente julesalmar.
Les heile sakaI dag er det finale og siste trekning i Adventlotteriet som Todalen ILs trimgruppe har arrangert. Det har vore ein suksess både økonomisk og samtidig mange flotte og kortreiste gevinstar som har gjeve mange og glade vinnarar. På finaledagen står vi att med 4 gevinstar. Den første gevinsten er eit måleri som er signert Sissel Halset Storslett – det vart vunne av Pestua. Det andre malerietsom går i dag, er signert Elisabet Aas og vart vunne av Vesleanna Talgø.
Les heile saka3. juledag, tysdag 27. desember er TIL trimgruppa på banen som arrangør av Romjulsmarsjen 2022. I år er vi attende til tradisjonell romjulsmarsj som rett og slett er ein rundtur rundt bygda. Sjølv om det er både influensavirus og Covid i lufta så køyrer vi tradisjonelt arrangement – einaste forandring er at det er ein registreringsstasjon, og den er på Bruset. Det blir høve til å registrere seg på Bruset i tidsrommet mellom kl 12:00 og 15:00.
Les heile sakaLille julaften er nest siste trekning i Adventlotteriet – denne dagen er det også 3 gevinstar attafor luke nr 23. Den første gevinsten er eit gavekort på kr 500 frå Todalshytta. Den heldige vinnar her vart Sigurd Talgø i Andersstua. Sigurd får ta ein tur til kammerpike Ediths spiseri når det lir utpå våren. Den andre gevinsten er 10 sekker med tørr og fin bjørkaved – den hamnar på Kvennset
Les heile sakaDen tradisjonelle gudstenesta i Todalen kyrkje på julaften startar i år kl 13.30, melder Todalen sokneråd. Det er Kirsti Hjørnevik som er liturg, og Bernt Bøe som er organist.
Les heile saka