Stavganggruppa i iSurnadal Pensjonistlag starta stavgangsesongen sin med tur langs Toåa i Todalen i år. Vêrmeldingane var ikkje dei beste for dagen, men elleve ivrige turgåarar møtte opp.
Stavgangarane møtte opp på Bordholmen stadion, der det var parkering. Derifrå gjekk turen oppover Toåa tursti langs med elva Toåa, opp til gapahuken ved Båthølen.
YR.no hadde lova opphaldsvêr i 90 minutt, men dei hadde fått låne klubbrummet på Bordholmen, så nista vart «fortært» der.
Neste torsdag, den 4. mai, er det oppmøte ved Kalkstranda på Glærum.