Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bøt&bedring i Skulstuå i Todalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. september 2025

Torsdag 18.september kl.18 startar vi oppatt med bøt & bedring oppi Skulstuå.  Ta fram «hållåte» og slitte klede som treng å bli bøtt. Kortstokken er nyblanda og klar for eit slag amerikaner.

Les heile saka


Stavgangarane med fin tur til Vindøladalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. september 2025

Torsdagens inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Vindøldalen. – Kraftige vindkast, men med 20 grader i september, gjorde at det vart ein fin tur, fortel Wenche Ø. Kvendset i Stavganggruppa. 

Les heile saka


Byr på song- og musikkveld i Eidet bedehus

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. september 2025

Fredag kveld, den 12. september, byr Normisjon og Misjonssambandet på Song- og musikkveld i Eidet bedehus.  Arrangementet startar kl 18:00 og byr på både solosong, allsong, musikk, kåseri, dikt og andakt m.m.   Det blir mange bidragsytarar, – vi kan nemne Oddveig Helset Halle, Svein Volle, Vidar Rygh med fleire. 

Les heile saka

Felles brannøving med «bli-kjent-kveld»

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. september 2025

Det er ikkje meir enn ein månad sia det var ramme alvor og husbrann i Bekkerhagan, der innsatsen frå lokale brannmannskap var avgjerande for resultatet.  I kveld var brannmannskap frå Todalen, Kvanne og Surnadal samla til felles øving i Todalen – viktig å øve i lag, slik at ein blir kjent både med kvarandre, utstyret og ikkje minst kvar ein skal finne vatn til slokking rundt omkring i bygda. 

Les heile saka


Demensaksjonen får hjelp frå Surnadalsrussen

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. september 2025

Den årlege demensaksjonen står for døra, og neste veke står Surnadal demensforening og helselag i samarbeid med Rindal demensforening som arrangørar av årets aksjon. Tysdag møtte dei to leiarane Surnadalsrussen for å brife mannskapet til årets innsamlingsaksjon som går av stabelen i neste veke. 

Les heile saka


Sesongavslutta med imponerande resultat i Norgesmesterskapet for lag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. september 2025

I helga var det Norgesmesterskap (NM) for lag i motocross på Skaun Motorsenter i Skaun. Ola Vikan (13) deltok der på regionlaget NL Autosport i klassen MX 85. Det var meininga Ola også skulle vere med på avslutningsløptet i Østlandscup domande helg, men sjukdom gjer at han vel å stå over der. Dermed vart helgas NM på mange måtar sesongavslutninga for Ola, sjølv om han til helga deltek på eit haustløp i Snillfjorden.  

Les heile saka