Det er funne eit messetelt på 3 ganger 3 meter av merket O B Wiik på parkeringsplassen ved nedkøyringa til Haltbkken. Teltet er teke vare på, og eigar kan få det att ved å ta kontakt med redaksjonen i Todalen.no på telefon 986 11 707, så opprettar vi kontakt med finnaren.
Les heile saka
I sol frå blå himmel tok 22 stavgangarar i går sesongens andre stavgangtur til Glærum. Det var oppmøte og parkering ved kalkstranda. Derifrå gjekk turen opp til toppen, og ned att til kalkstranda, der det var kaffe og sosialt samvær.
Les heile saka
Torsdag kveld var det vårdugnad på Bordholmen stadion. Klubbhuset vart vaska og rydda, og det vart klargjort for montering av nyinnkjøpt kjølehjørne, som det er plana å montere på neste dugnad, laurdag den 13. mai.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 6. mai i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile saka
I dag har Treffast Surnadal vore hos Ole Johan Kvendbø på Eidet og pakka ved i sekkar. Ole Johan er storprodusent av ved, og Treffast var der for hjelpe til med å pakke vedsekker som skal delast ut komande vinter. Treffast får bidrag frå det lokale næringsliv, og ønsker difor å gje noko attende til næringslivet og lokalsamfunnet i Surnadal.
Les heile saka
Også i år arrangerer Surnadal JFF jegerprøvekurs. I år går kurset over to helger i Surnadal JFF sitt klubbhus, Nordsida 198 på Tellesbø. Jegerprøvekurset går helgene 2. – 4. juni og 9. – 11. juni.
Les heile saka
Det var faktisk eit førtital som møtte på kyrkjegardsdugnad onsdag kveld. Kristian Gjeldnes som er leiar i soknerådet tykte det var svært oppmøte og godt var det, for da vart arbeidet fort unnagjort. Dugnaden var rett og slett vanleg vårrydding etter vinteren, med raking av lauv og tørrkvistar og litt oppretting av gravstøtter som telen har herja med.
Les heile saka
Svinviks arboret, i samarbeid Surnadal Hagelag, inviterer til vårdugnad i Svinviks arboret onsdag 10. mai klokka 18:00. Så har du lyst til å vere med å gjere arboretet klart til ein ny sesong, er det berre å møte opp i arboretet og bli med på vårdugnaden.
Les heile saka
Søya/Todalen sitt G11 lag sesongopna med heimekamp på Bankslettå mot Tingvoll G11. Vêret var grått og kaldt, men spelarane såg ut til å ikkje bry seg så mykje om akkurat det, for det vart ein jamspelt og underhaldande kamp med mange mål og mykje godt spel på kunstgraset.
Les heile saka
Tysdag kom det nye renovasjonspunktet til Remidt på plass på Kvennsetøran. Etter at Remidt la om til full kildesortering av avfall vart ein del av renovasjonspunkta tekne bort – derfor kom renovasjonspunktet i Todalen bort, og det førte til at det var minst 3 mil å kjøre til næraste tømmepunktet ved Todalskrysset. Dette førte til ei stor ulempe for alle dei rundt hundre fritidsbustadene i Todalen og førte sjølvsagt til protestar.
Les heile saka
Torsdag 4. mai klokka 18:00 og laurdag 13. mai klokka 11:00, blir det vårdugnadar på Bordholmen. Det skal vaskast og ryddast inne i klubbhuset, og klargjere til montering av nyinnkjøpt kjølehjørne. Ein del av utstyret som i dag er på kjøkkenet må difor flyttast, så her trengst det muskelkraft til flyttearbeid! Bord og benkar skal takast ut frå reiskapshuset og det skal rakast og ryddast ute etter vinteren.
Les heile saka
No når det er frisk og grøn nygrøå er det ikkje rart om hjorten blir frista ned på innmarka. Måndag kveld var hjorten tidleg ute og tok lite hensyn til at det var litt biltrafikk. På Ørsalhøgda var det eit trettital som «gassa seg» med denne godbiten. Oppi liene er det nok berre bleik fynne enno, så det er nok ikkje rart om dei blir frista.
Les heile saka