Styret i Surnadal Jeger og Fiskerforening kallar inn til årsmøte torsdag 16. mars klokka 19:00 i skyttarhuset på Angråmyra skytebane. Vanlege årsmøtesaker. Det blir servering av pizza, brus, kaffe og kake!
Les heile sakaSvorka etablerer Svorka Installasjon
I ei pressemelding frå Svorka no på sein føremiddagen, blir vi informert om at Svorka Installasjon blir etablert og vil vere operativt frå 1. september i år. Dette skjer gjennom ei samanslåing av El-Co og Real Installasjon, to selskap Svorka har eig hundre prosent av sidan i fjor haust. Svorka Installasjon vil ha hovudkontor i Rindal, med avdelingskontor i Surnadal, Meldal og på Orkanger.
Les heile sakaMinner om årsmøte 16. februar
Styret i Surnadal Arbeiderparti minner om sitt årsmøte torsdag 16. februar klokka 19:00 på Thon hotel Surnadal. Vanlege årsmøtesaker. Tidlegare stortingsrepresentant Asmund Kristoffersen frå Tingvoll, deltek på årsmøtet som gjest.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening – minner om årsmøtet i kveld
Todalen sanitetsforening held årsmøte i Sanitetshuset tysdag 7. februar kl. 18:30.
Les heile sakaPåminning: Månadens bilete januar
Det er så tett i teten så langt denne månaden, at vi minner deg difor på å halde fram med å røyste på din favoritt som månadens bilete for januar. Kåringa vert avslutta ved midnatt onsdag 8. februar. Og som alltid blir vi svært glade for bidrag til dagens bilete!
Les heile saka6. februar – Samefolkets dag
Samefolkets dag (sámi álbmotbeaivi) 6. februar er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn, skriv Wikipedia på sine nettsider.
Les heile sakaPopulært med ishockey
Surnadal Blades, som har med fleire todalingar på trening og kampar, var laurdag på trening og treningskamp i ishallen Arena NordVest i Kristiansund. Frå Todalen var det Jakob, Nicole og Hallvard, Lars Ailo og Mikael som deltok denne helga. Først var det trening saman med hockeymiljøet i Kristiansund, før dagen vart avslutta med treningskamp mot IL. Braatt. I tillegg var Lisa og Natasha med på treninga og ikkje minst som ivrige supporterar under treningskampen.
Les heile sakaÅrsmøte i Surnadal heimbygdlag
Surnadal heimbygdlag inviterer til årsmøte måndag 27. februar på Thon Hotel Surnadal. Årsmøtet startar kl. 19:00.
Les heile sakaKårvatn Skimo: – Ta her har vore ei kjempehelg
Vi kan trygt seie oss enige med Gudmnd Kårvatn når han karakteriserer denne helga med Kårvatn Skimo og NM i randonee som ei kjempehelg. To vellukka renn er vel i hamn, og er gjemmomført til punkt og prikke. Lokale heltar har fått vist kva dei står for og Erik Kårvatn kan skilte med to NM-titlar på heimebane – rett nok har han vore åleine i klassen sin – Menn U-20, men han hadde i dag beste tid på vertikalen, og var i mål på 25:07.5. Vi lar oss imponere av det.
Les heile sakaKårvatn Skimo med rekorddeltaking
Med 57 deltakarar på startstreken i dagens individuell så er dette ein solid rekord for Skimo Kårvatn 2023, som samtidig var NM i randonee for 2023. I dag var det ingen som kunne tukte Kilian Jornet Burgada – spanjol som går for Måndalen, som kom i mål på tida 1:18:47 som hadde Hans-Inge Klette hakk i hel, men 45 sekund etter. På tredjeplass Trym Dalset Lødøen, 1 sekund etter. Men norgesmester var Klette, med Lødøen på andre og Jonas Petter Engdal på tredje. I klassen menn U20 vart Erik Kårvatn best på tida 1:25:49 og dermed vart han norgesmester på heimebane
Les heile sakaPrisauke på TV-pakkane frå Svorka
I statsbudsjettet for 2023 fjerna regjeringa momsfritaket for elektroniske nyheitstenester frå 1. januar. Det betyr at prisen på TV-pakkane frå dei ulike leverandørane aukar litt. For dei med TV-pakkar frå Svorka, aukar prisen på TV-pakkane med 22 kroner frå 1. februar. Dette melder Svorka på sine heimesider.
Les heile sakaKårvatn Skimo: – Tidenes startfelt på laurdag
Da påmeldingsfristen gikk ut var det rundt 60 påmeldte, og det ligg an til å bli det sterkaste startfeltet som nokon gong har vore på norsk jord, seier Gudmund Kårvatn. Han er ein av randonee-gründerane og har stått bak konkurransane i Dalalia på 11. året. Han fortel at det er deltakarar frå Tromsø i nord, til Italia i sør – tilsaman er det 8 nasjonalitetar som stiller på startstreken laurdag – av dei sterkaste korta er nok spanjolen Kilian Jornet Burgada og kona Emilie Forsberg som stiller til start.
Les heile saka