No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie måndag 19. og tysdag 20. juni. Det er ledige timar båe dagane.
Les heile saka
Bli med stavgangarane til Igeltjønna
Torsdag 15. juni klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur. Denne gongen tek dei turen både ut av fylket og kommunen, nemleg til Igeltjønna i Rindal kommune.
Les heile saka
Kløverturar i juni
Starten på juni månad var både sur og kald, og på første kløverturen 5. juni var det bruk både for ullskjorte og anorakk. Dagens tur, 12. juni, gjekk i strålande sol og over 20 grader!
Les heile saka
Mannskorsong i Stangvik kyrkje
Mannskoret Tarrakarrain frå Averøy gjesta laurdag kveld Stangvik kyrkje, der dei hadde konsert i samarbeid med P17-koret. Det var bra oppslutning om arrangementet, og det var tydeleg at det var mange som gleda seg til å høre skikkeleg mannskorsong, og dei fekk valuta for pengane.
Les heile saka
Kløvertur frå Bruset og rundt om Hengebrua
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 12. juni. Oppmøte ved Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Bli med Fjellgruppa til Skarven i Bøverdalen
Tysdag 13. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Skarven i Bøverdalen. Oppmøte og parkering på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Bøverdalen.
Les heile saka
Har du sett Phoebe? (Fibi på godt norsk)
Vår 3 år gamle pomeranertispe forsvant sporløst fra hytta (Todalsøra 128) ca. kl. 15 i dag. Hun har aldri streifet noen gang, så vi er veldig urolige for henne. Hvis hun hadde blitt innestengt noe sted, tror vi hun hadde bjeffet. Har noen sett eller hørt henne, ville vi satt stor pris på beskjed.
Ring: Gry (478 62 628) eller: Per Arne (917 41 611)

Stor interesse for historisk vandring
Todalen historielag kan skilte med ein interessert og engasjert medlemsmasse. Laurdag samla laget over førti deltakarar da leiar John Moe kunne ønskje velkomen til historisk vandring ved Vestrum om Talgø gard. Når ein nøstar opp så er det heilt utruleg kor mykje som har skjedd i den tida det har vore busetting her, og det fekk vi høyre mykje om i dag.
Les heile saka
Konsert i Svinvika
Mannskoret Tarrakarrain frå Averøya er denne helga på turne på Indre Nodrmøre. Søndag 11. juni kl. 14:00 held dei konsert i Svinviks arboret.
Les heile saka
Fjellgruppa med finvêrstur til Bølia i går
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i går turen til Bølia, og det vart ein skikkeleg finvêrstur og sommartemperatur for dei 21 som var med på turen. Turen er på rundt 3,5 kilometer opp til toppvarden på 703 moh.
Les heile saka
Kantslåtten i gang etter fylkesvegane
Det er nok ikkje berre siloslåtten som blir derge i gang når vi no snart nåt midten av juni. På fylkesvegen innover til Todalen var det full aktivitet med kanslått langs vegkantane forbi parkeringsplassen til Svinviks arboret.
Les heile saka
Slåtten er i gang – variert resultat
Ola Kvendset er i gang med slåtten, og har tenkt å nytte finvêret dei næraste par dagane til å få unna 1.-slåtten. Ola Har nærare 400 mål, og har dei siste par vekene venta på høveleg slåttavêr for å sette i gang. Ola fortel at det er nokon lunde brukbare avlingar, spesielt der det er nyekrer, men han hadde egentleg forventa litt meir. Han skuldar på det kalde vêret, men legger da til at ein kan da ikkje vente at alle får vêret slik dei vil ha det :-).
Les heile saka