Robert Ostrowski kom til Todalen frå Polen for snart fire år sia, og har i den perioden jobba både for Talgø Møretre, Talgø Bygg og no i Talgø Tradbo – alle tre er firma i Talgøkonsernet. I Talgø Tradbo har han spesialisert seg på malingsarbeid og tilhørande. Med bopel på Brekkvoll i Brusetmarka trivs han godt i Todalen, men har lyst til å nytte fritida til å starte hobbyfirma med bilpleie – og trur det er ein marknad for slike tenester
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 8. mai. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Vårsprell 2023 kom vel i hamn med sin revy på kulturhuset laurdag kveld. Det skal jammen være god underhaldning når du skal halde koken i 3 stive timer og samtidig ha stigning i programmet. Her kunne du berre lene deg godt tilbake i stolen og nyte det som kom frå scena – her var det samla mykje god scenekunst som gjennom kvelden fikk latterdøra på vid vegg.
Les heile saka
Månadens bilete i april skal bli kåra, og i april var det både vinter og vår. Kåringa blir avslutta på bursdagen til Einar Gerhardsen og Fred Astaire, altså 10. mai.
Les heile saka
17. mai nærmar seg, og i år har alle 17. maikomiteane i Todalen og Stangvik skulekrins laga eit felles program for feiringa av nasjonaldagen. Så her kan ein velge og vrake mellom forskjellege arrangement rundt om i bygdene i skulekrinsen.
Les heile saka
Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for mai og juni 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for juli og august, vil bli lagt inn i starten av juli månad.
Les heile saka
Det er funne eit messetelt på 3 ganger 3 meter av merket O B Wiik på parkeringsplassen ved nedkøyringa til Haltbkken. Teltet er teke vare på, og eigar kan få det att ved å ta kontakt med redaksjonen i Todalen.no på telefon 986 11 707, så opprettar vi kontakt med finnaren.
Les heile saka
I sol frå blå himmel tok 22 stavgangarar i går sesongens andre stavgangtur til Glærum. Det var oppmøte og parkering ved kalkstranda. Derifrå gjekk turen opp til toppen, og ned att til kalkstranda, der det var kaffe og sosialt samvær.
Les heile saka
Torsdag kveld var det vårdugnad på Bordholmen stadion. Klubbhuset vart vaska og rydda, og det vart klargjort for montering av nyinnkjøpt kjølehjørne, som det er plana å montere på neste dugnad, laurdag den 13. mai.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 6. mai i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile saka
I dag har Treffast Surnadal vore hos Ole Johan Kvendbø på Eidet og pakka ved i sekkar. Ole Johan er storprodusent av ved, og Treffast var der for hjelpe til med å pakke vedsekker som skal delast ut komande vinter. Treffast får bidrag frå det lokale næringsliv, og ønsker difor å gje noko attende til næringslivet og lokalsamfunnet i Surnadal.
Les heile saka
Også i år arrangerer Surnadal JFF jegerprøvekurs. I år går kurset over to helger i Surnadal JFF sitt klubbhus, Nordsida 198 på Tellesbø. Jegerprøvekurset går helgene 2. – 4. juni og 9. – 11. juni.
Les heile saka