Svinviks arboret er ein museumshage med ei stor samling av rododendron, frukthage, stauder og bartre. Her finn du også ein sesongkafe og eit lite planteutsal. Både rododendron og frukttre har starta på blomstringa no, og fortset i tida framover.
Les heile saka
Rett før påske var DJI Enterprise og Trondheim Brann og Redning på Kårvatn for å gjere filmopptak for å lage reklamefilm om DJI Enterprise sin nye drone Matrice 350 RTK som blir lansert i desse dagar. Todalen Idrettslag var leigd inn for å transportere utstyr og personell med snøscooter og stilte med statistar i filminnspelinga.
Les heile saka
Laurdag 20. mai klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist.
Les heile saka
Tysdag 23. mai startar Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag opp att fjelltursesongen, der dei i løpet av sesongen vil besøke mange fine turmål. Tysdag går turen til Årnes. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Årnes.
Les heile saka
Også på Nordvik har dei i tradisjon tru feira nasjonaldagen. Rapportane fortel om ei fin feiring også hos våre gode naboar på Nordvik. Etter å ha delteke i 17. mai-toget i Todalen var det klart for middag og 17. maifeiring i Nordvik forsamlingshus.
Les heile saka
Torsdag er det Kr. himmelfartsdag, og Matkroken Todalen har kioskope til vanleg tid kl 16:00 til 18:00 og vanleg opningstid resten av veka. Drivstoffanlegget er som vanleg ope for kortsal heile døgnet.
Det er mange år sidan det har vore så dårleg vêr under nasjonaldagsfeiringa i Todalen som i år, men da toget gjekk frå Todalen kyrkje til Bordholmen stadion var det i alle fall opphaldsvêr, sjølv om det var både surt og kaldt.
Les heile saka
Todalen idrettslag inviterte i utgangspunktet heile bygda til Bordholmen på utefrukost – det brukar å være fint når vêrgudane spelar på lag. Men i år varsla nok yr.no på eit tidleg tidspunkt at det nok var lurt å flytte frukostarrangementet innomhus. Dermed vart det rigga til frukostlag under tak i Todalen Ungdomshus. 17.-frukosten brukar å ha stor oppslutning, og det var det også i år – leiar i Todalen I.L. Elinor Bolme var godt nøgd med at 90 gjestar stilte opp på frukostarrangementet.
Les heile saka
Det var ingen sure miner fordi om regn og vind i 3-4 varmegrader prøvde å gjøre det surt for det tradisjonelle biltoget rundt bygda. Biltoget starta presis kl 10 frå Matkrokens parkeringsplass og bruka den tradisjonelle ruta oppover bygda til Brusetbrua og vidare oppover til Gammelfabrikken i Brusetmarka. Her var det ein kort pause før toget gikk vidare til Ungdomshuset, der alle var invitert til frukost.
Les heile saka
Todalshytta har laga eigen meny for Nasjonaldagen – her kan du velge sjølv, eller deu kangjøre det enkelt og kjøpe den komplette 3 retters «flaggmenyen». Ta gjerne kontakt og bestill bord på telefon 929 97 550. Restauranten er open i tidsrommet 14 -19. Bla om så finner du menyen
Les heile saka
I går kveld inviterte styret i Todalen bøgdalag til ryddedugnad før 17. maifeiringa. Sju personar møtte opp. Det vart delt opp to ryddegjengar som rydda vegkantane på kvar si side av bygda, samt frå Pilskaret til Øyabrua og frå Bruset og opp til gammelfabrikken.
Les heile saka
Du lurte kanskje på kva Aasmund Longva Kvendset og Ove Island heldt på med i går da du observerte dem på vegkanten inn til Todalen og rundt i bygda? Vi trefte de to parkeringsplassen ved Todalshytta, og kan avsløra at dei representerte Svorka-selskapet S-Nett, som eig og driv heile strumnettet i «Svorkaregionen». Tilsaman er det 360 km med linjenett og rundt 3600 pålar som skal ha regemessig ettersyn.
Les heile saka