Treffast Surnadal fekk denne veka ei gledeleg melding frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank. Treffast fekk nemleg 50.000,- kroner i støtte til oppstart og grunninvesteringar knytta til utstyr og forbruksmateriell.
Les heile saka
Treffast Surnadal fekk denne veka ei gledeleg melding frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank. Treffast fekk nemleg 50.000,- kroner i støtte til oppstart og grunninvesteringar knytta til utstyr og forbruksmateriell.
Les heile sakaTida er inne for å kome i gang med valkampen, melder Arbeiderpartiet – laurdag 13. mai møter du Surnadal Arbeiderparti på stand utanfor Extra på Skei. Vi byr på ein kaffekopp og triveleg samtale. Kom og hels på oss, vi er på plass frå kl. 11 til 14!
Les heile sakaI går gjekk Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Haltbakken. 22 stavgangarar var med på turen frå Rabbleet på Nordvik og til Haltbakken. Kaffepause i gapahuken ved fjorden.
Les heile sakaTodalen bøgdalag inviterer til ryddedugnad langs vegkantane rundt bygda måndag 15. mai klokka 18:00. Oppmøte på Bordholmen for utdeling av utstyr og fordeling av «rydderuter». Dei som har mogleheit, kan ta med hengar.
Les heile sakaSurnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer til saueaversjon onsdag 24. mai og onsdag 7. juni klokka 17:30 båe dagane. Årets saueaversjon foregår hos Bjarte Morten Røen med adresse Kvennbøvegen 78.
Les heile sakaTodalen Idrettslag inviterer til tradisjonell 17. mai-frokost i Todalen ungdomshus onsdag den 17. mai etter biltoget. Biltoget startar frå Matkroken Todalen/Talgø klokka 10:00, så frokosten blir servert rett etter at biltoget har køyrt rundt bygda og kome opp til ungdomshuset. litt før klokka 11:00.
Les heile sakaLaurdag 13. mai, altå i morgon, klokka 11:00 blir det vårdugnad på Bordholmen for å førebu anlegget til 17..maifeiringa. Det skal ryddast i utstyr og anna i klubbhuset, og klargjere til montering av nyinnkjøpt kjølehjørne. Det må også ryddast litt ute etter vinteren. Så ta med høveleg utstyr til raking og liknande.
Les heile sakaHøge straumprisar i vinter og vår påverkar etterspørselen etter ved. Bjørn Kvendset er ein av dei som driv med produksjon og sal av ved til fyring. Han fortel at det har vore stor etterspørsel etter ved den siste tida – mange har alt gått tom for ved, men Bjørn har enno noko som er disponibelt for sal. Det har vore etterspørsel både etter bjørkved, blandingsved og olderved, og med forskjellig fyringsverdi så er det sjølvsagt prisforskjellar på dei forskjellige kvalitetane.
Les heile sakaPå Syltøran er det to jubileum no på tampen av veka – Hageland Surnadal fyller denne veka 10 år . Det er gått 10 år sia Mons Otnes kløpte snora og opna Surnadals nye hagesenter som ligg vegg i vegg med Byggmakker Surnadal. Den andre jubilanten er nemleg Byggmakker Surnadal som i år har halde på 25 år på Syltøran. No har dei slege saman dei to jubileumane og markerer dette med ei skikkeleg jubileumsfeiring, der dei har fyrt opp grillen og pizzaomnen og sørgjer for uteservering på torsdag, fredag og laurdag – altså tre dagar til ende.
Les heile sakaDet er Trollheimen fjellsportklubb som står som arrangør av motbakkeløpet «Dammen Opp», som startar frå Forsamlingshuset på Nordvik og går etter Blomlivegen opp til inntaksdammen for kraftverket. Løypa er knappe 3 km lang, og her er det Håvard Gjeldnes som har løyperekorden frå fjorårets løp der han kom i mål på tida 14,56 og ny løyperekord.
Les heile sakaDenne veka har alle som ikkje har reservert seg mot reklame i postkassen fått det nye magasinet for 2023. Surnadal 2023 som magasinet heiter er ei flott trykksak på 52 sider som presenterer mykje av det vi har å by på i Surnadal kommune. Her er det bruka mykje plass for å vise kor stor bredde det er i næringslivet i vår kommune, men det er også mykje godt stoff frå skule, fritidsaktivitetar, foreningsliv, bustadpolitikk, gode oppskrifter og ikkje minst det allsidige kulturlivet.
Les heile sakaOnsdag kveld var Hagelaget på plass i arboretet for å bidra med klargjeringa til sesonopning. Dette er ein rutinert dugnadsgjen som stiller opp år etter år. Dei er utruleg effektive når dei setter i gang – dei veit kva som skal gjerast og får arbeidet fort unna. Dermed var dugnadsarbeidet unnagjort på halvanna time. Etter at arbeidet var unnagjort serverte Maja Frønes suppe til heile gjengen, og det var nok godt med litt påfyll av energi etterpå.
Les heile saka