Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Er det du som har mista ein hundsele

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. august 2023

Onsdag var Per Ørsal på moltetur i området ved Snekkardalshalsen, og der rett i lyngen utafor stien fann han denne hundselen som nokon hadde mista.  Den låg litt nedafor stien som går frå Snekkardalshalsen og innover Snøfjellet i retning Midtryggen/Bjøråskaret. Per tok den med ned, og søker no etter eigaren, og har lagt den inn på Matkroken i Todalen etter som han bur i Molde.

Les heile saka

Kan det bli meieridrift i Todalen skule?

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. august 2023

I ei pressemelding frå Todalen Meieri blir det informert om at selskapet er i forhandlingar med Surnadal kommune om å overta bygningsmassen til Todalen skule.  Plana vidare er å etablere verksemda til Todalen Meieri der.  Dei har lege i startgropa for å etablere meieriverksemda i eigne lokalar heime i Utigarden på Kvennset – no kan planane bli endra. Lokala til Todalen skule har stått tomme sia skulen vart nedlagt i 2021.

Les heile saka




Les om raset og tida etterpå – her finn du linkar

Jon Olav Ørsal Måndag 31. juli 2023

Tida etteer raset i 2013 vart det lagt ut mange nyheitssaker her på Todalen.no.  Sakene ligg framleis på Todalen.no i arkivet for juli og august 2013, og kan hentast fram i dagen dersom du har lyst til å friske oppatt det som skjedde på den tida.  Vi har lagt alle linkane på denne sida for å gjera det enkelt for deg som lesar – attafor linken ligg datoen da sakene vart lagt ut og denne høyrer sjølvsagt ikkje til linken. 

Les heile saka

31. juli – det er gått 10 år sia raset gjekk

Jon Olav Ørsal Måndag 31. juli 2023

På denne datoen i 2013 gjekk det store raset uti Stranda. Det tok med seg både straumnettet, vegen og mykje skog  – og dermed var bygda totalt isolert frå omverda nokre dagar. Dette gjorde at utfordringane stod i kø – vi som var «innestengt» måtte finne nye løysingar og improvisere på mange felt.

Les heile saka


Saknar tursekken sin

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. juli 2023

Ellen Magritt E. Skogrand hadde fredag ein fin topptur til Snøfjellet via Bjøråskaret. På turen nedatt mista ho tursekken sin, ein blågrøn Bergans sekk. Ho mista den på venstre side ved det partiet der ein må klatre mellom to steinar.

Les heile saka

Hesjing og uformelt slektstreff på Hjellnes

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juli 2023

Oda Halle hadde mange hjelpande hender da ho inviterte slekningar til slåttonntreff.  Det vart sett opp ei hesje nærast som eit demo-prosjekt, der vidareføring av konpetanse var ein del av prosjektet, medan den sosiale biten som ligg i å treffast og gjera ting i lag var ein like så viktig del.  

Les heile saka


Fjord1 – Kvanne – Røkkum innstillt grunna akkutt sjukdom

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juli 2023

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Grunna akutt sjukdom blir sambandet innstilt frå kl 21:15 til ruteslutt i kveld. Det vert normal drift frå rutestart laurdag morgon, melder Fjord1 i en driftsmelding.
Alternativ for omkjøring er via Fjord1s rute Halsa – Kanestrøm eller via Oppdal/Nerskogen.