Surnadal Demensforening og Helselag, i samarbeid med Seniorfilmklubben, inviterer onsdag 20. september klokka 12:00 til gratis kino på Surnadal kino, der dei viser filmen «Iris». Filmen «Iris» er valt for å markere den internasjonale alzheimerdagen, rett nok litt på forskudd, men Iris Murdoch (1919-1999) vart råka av denne sjukdommen.
Les heile saka
Dei to første måndagane i september har veret vore litt labert, men deltakinga på kløverturane har vore bra! Første måndagen var det tur i Gammelvegen og på valgdagen 11. september var det tur i Kavlvegen.
Les heile saka
Laurdag 16. september, mellom klokka 11:00 – 16:00, inviterer Nordmøre Forsvarsforening til open dag ved krigsminnesamlinga på Åsen. Krigsminnesamlinga på Åsen inneheld våpen, militærutstyr og uniformer frå andre verdenskrig (1940 – 45), med lokal tilknyting til krigshistoria frå Surnadal kommune.
Les heile saka
Frå klokka 12:00 og fram til kl 20:00 i dag er vallokala opne. For Todalen sin del så foregår valet i Sanitetshuset. Her finn du kommune- og fylkestingvalet i møtelokala, medan kyrkjevalet er lokalisert til kjøkkenet – og med låst dør i mellom.
Les heile saka
Surnadal Demensforening og Helselag inviterer onsdag 20. september klokka 19:00 til ope møte i Frivilligsentralen sine lokaler på Skei. Da får dei nemleg besøk av Anna Marie og Karl Laugsand.
Les heile saka
Start 4H hadde pynta og lagt til rette for hausttakkefest i Todalskyrkja sist søndag, og tema for gudstenesta var henta frå Johannesevangeliet og omhandla at Jesus metta 5000 på 5 byggbrød og to fiskar. Ragna og Lisa sørga for å presentere Start 4H som er har drive i 56 år i Todalen, og fortalte om kva klubben står for og kva som er formåle – og sjølvsagt fekk vi høre 4H-løftet.
Les heile saka
Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for september og oktober 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for november og desember, vil bli lagt inn i starten av november månad.
Les heile saka
Statkraft har lyst ut ledig stilling som fagarbeidar akvakultur ved Rossåa settefiskanlegg i Todalen. Dei søker etter ein engasjert fagarbeidar i akvakultur til settefiskanlegget sitt i Todalen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 11. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Les heile saka
Måndag 11. september er den store valgdagen med kommunevalg, fylkestingsvalg og valg av nytt sokneråd. I Todalen er valglokala i Todalen sanitetshus, og opningstida er frå kl. 12:00 til 20:00.
Les heile saka
Laurdag 16. september klokka 13:00 inviterer Surnadal bibliotek til festleg avslutting av «Sommarles», for alle som har vore med på årets utgåve. Klokka 14:00 blir alle, også dei som ikkje har vore med på «Sommarles» invitert til eventyrleg barneteater i Svorkasalen på kulturhuset.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur i går gjekk til Kvenndalen. 26 stavgangarar var med på turen til Kvenndalen, og dei fekk ein skikkeleg fin tur i det fine haustvêret, med lett bris og 20 plussgrader.
Les heile saka