I dag arrangerte Todalen Sanitetsforening den første strikkekaffen. Derme er sesongen i gang og totalt var det nok 15-20 deltakarar som stakk innom Sanitetshuset på Kvennset. Nokre hadde med bunding, medan andre satsa på hekling og kanskje var det nokon som berre stakk innom for å slå av ein prat.
Les heile saka
Endeleg var dagen komen og det var klart for å klippe snora og opne anlegget for bruk. Det er lenge sia ideen til eit kavlvegprosjekt vart sådd, men det er først dei siste åra at ideen har skote fart, og som no altså er sett ut i livet. Det var Daniel Fiske og Margrete Svinvik som fikk den store æra å klippe snora – dermed er kavlvegen klar til å takast i bruk som Kavlvegen kultursti.
Les heile saka
Fredag ettermiddag var representantar frå Surnadal Senterparti på plass utafor Matkroken Todalen. På standen stillte ordførarkandidat Hugo Pedersen, Leiar i Surnadal Senterparti Silje Beate Guldbransen Holten og lokal listekandidat Jon Bruset.
Les heile saka
Tysdag 5. september klokka 19:30 er det «strikkekino» på Surnadal kino. Så er du av dei som likar å strikka samstundes som du ser film, så er Surnadal kino rette plassen på tysdag. Da blir det dempa belysning, slik at ein også kan strikke, når dei viser filmen «Book Club – The Next Chapter».
Les heile saka
I går gjekk Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Sjøasetervatnet. Seksten stavgangarar var med på gårsdagens stavgangtur, og det vart ein skikkeleg finvêrstur for turfølget opp til vatnet.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening melder at laurdag 2. september er det strikkekaffe i Sanitetshuset i tidsrommet frå klokka 13:00 til 16:00. Alle er velkomne, med eller utan handarbeid!
Les heile saka
Valdagen nærmar seg med stormskritt, og i dag var det ein gjeng med raude skjorter som gjorde seg kjent i Todalen. – Vi kom til Todalen for å treffe bygdefolket, slik at vi skulle få høyre kva todalingane er opptekne av og for å bli litt betre kjent i bygda, seier Annett Ranes som er Surnadal Aps ordførarkandidat.
Les heile saka
Stangvik Grendalag inviterer til «Kafékonsert» laurdag 2. september klokka 20:30. Da kjem Ila strykeband på besøk til Bondehuset i Stangvik, og det er fri inngang. Dei har for anledninga med gjesteartistane Sigrid Vetleseter Bøe, Trygve Brøske, Nina Jori Pedersen, Øyvind Engen og Jo Inge Nes.
Les heile saka
Grunna transport av farleg last vert det redusert kapasitet (maks. 12 passasjerar) på avgang frå Rykkjem kl. 05:30 torsdag 31. august. Dette gjeld altså for rute 1061 Kvanne – Rykkjem, melder Fjord1
Tysdag 5. september kl 18:30 inviterer Todalen sanitetsforening til infomøte om etablering av framtidsfullmakt i Sanitetshuset på Kvennset. Da kjem advokat Inger Grete Lundemo for å orientere om framtisfullmakt – og kva dette er, og korleis du skal gå fram med å etablere slik fullmakt. Dette er eit ope møte, med gratis adgang, og alle er velkomne til å bli med. Enkel servering.
Les heile saka
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Snøfjellet i Kvenndalen. – Så skulle vi få enda ein fin turdag med opphaldsver innimellom alle regndagane vi har for tida!, seier Anne V. Einum i Fjellgruppa.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Sjøasetervatnet torsdag 31. august. – Vi samkjører frå bommen ved Sjøasetra, så møt opp til til klokka 11:00, seier Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Les heile saka