Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for september og oktober 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for november og desember, vil bli lagt inn i starten av november månad.
Les heile saka
Statkraft har lyst ut ledig stilling som fagarbeidar akvakultur ved Rossåa settefiskanlegg i Todalen. Dei søker etter ein engasjert fagarbeidar i akvakultur til settefiskanlegget sitt i Todalen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 11. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Les heile saka
Måndag 11. september er den store valgdagen med kommunevalg, fylkestingsvalg og valg av nytt sokneråd. I Todalen er valglokala i Todalen sanitetshus, og opningstida er frå kl. 12:00 til 20:00.
Les heile saka
Laurdag 16. september klokka 13:00 inviterer Surnadal bibliotek til festleg avslutting av «Sommarles», for alle som har vore med på årets utgåve. Klokka 14:00 blir alle, også dei som ikkje har vore med på «Sommarles» invitert til eventyrleg barneteater i Svorkasalen på kulturhuset.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur i går gjekk til Kvenndalen. 26 stavgangarar var med på turen til Kvenndalen, og dei fekk ein skikkeleg fin tur i det fine haustvêret, med lett bris og 20 plussgrader.
Les heile saka
Todalen Sokneråd inviterer til gudsteneste søndag 10. september klokka 11:00 i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist.
Les heile saka
Øyabrua har som kjent vore stengt for køyrety over to tonn sidan november 2017. I Hovudutval for Miljø og Teknikk sitt møte i mai 2022, vart det vedteke at administrasjonen skulle utgreie alternativ for kryssing av Toåa til erstatning for dagens bru, som kan bli stengt når som helst.
Les heile saka
I går var dei to lokale listekandidatane for Arbeiderpartiet til kommunevalet, Odd Arild Sande og Bjørn Gunnar Ansnes, på Matkroken Todalen, der Terje Nordvik orienterte dei om moglegheita for å kunne bygge leiligheiter oppe på butikktaket. Dei to listekandidatane brenn for å lagt til rette for boligbygging i alle bygdene i kommunen. – Attraktive boligar er, saman med arbeidsplassar, dei viktigaste faktorane for å få folk til å flytte «heimatt» eller flytte til kommunen vår, seier dei to.
Les heile saka
Torsdag morgon var Veidekke i full gang med å reparere rekkverket utmed Bleikhammaren. Foto Jon Olav Ørsal
Les heile saka
Onsdag dro heile 9.-trinnet ved ungdomskulen (SUBUS) til Todalen på telttur. Teltplass fann dei på Bordholmen stadion, der dei også kunne bruke fasilitetar som WC og sosiale rom. På Bordholmen rigga dei til stort grillparty, med grillmat og tilbehør til heile hopen på rundt 60 deltakarar med smått og stort.
Les heile saka
Tysdag 12. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur, og denne gongen går turen til Møkkelfjellet i nabokommunen Heim. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30 for samkøyring til Fjærli i Valsøybotn.
Les heile saka