Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Travellin’ Strawberries kjem til Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. november 2023

Jula nærmar seg så mykje at Gjertrud har begynt å leite etter den store kassa med julepynt – og ikkje minst mistelteinen ho vil stille seg under før ho ropar på Olaf. Og det er heller ikkje tvil om at «it’s hard to be a nissemann» no. Det kan difor gjera seg med eit pusterom i julestria «and glæm the trouble» for ei lita stund. Travellin’ Strawberries held konsert på Surnadal kulturhus fredag 15. desember kokka 19:00, til ein herleg mix av «The Julekalender», Beatles, godt humør – og sikkert noko lealaus ansiktsmimikk frå Olaf Sand…

Og Travellin’ Strawberries vil no tilby alle her på Indre Nordmøre dette (musikalske) pusterommet. Ja, det er dei tre frå «The Julekalender»: Tore Johansen, Erling Mylius og Ivar Gafseth – alle med bakgrunn frå den legendariske trøndske supergruppa Difference.

Tore Johansen har vore gjesteartist før i kulturhuset, og kanskje tek han glansnummeret «O helga natt» også denne kvelden. 

Kjøp billettar til Travellin’ Strawberries sin konsert på Surnadal kulturhus

Publisert: 27. november 2023, 17:37