Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjord1 – Kvanne – Røkkum innstillt grunna akkutt sjukdom

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juli 2023

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Grunna akutt sjukdom blir sambandet innstilt frå kl 21:15 til ruteslutt i kveld. Det vert normal drift frå rutestart laurdag morgon, melder Fjord1 i en driftsmelding.
Alternativ for omkjøring er via Fjord1s rute Halsa – Kanestrøm eller via Oppdal/Nerskogen. 




Kvanne – Rykkjem: -ruteendring i kveld

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. juli 2023

Fjord1 melder om endring på rute 1061 Kvanne – Rykkjem i kveld:  Avgang fra Kvanne 21:00 og fra Rykkjem kl 21:15 blir i dag innstilt. Avgang fra Kvanne 21:30 blir utsatt til 22:00, deretter normal drift i sambandet.  

SISTE: Kl 18.15 melder Fjord1 at det blir normal drift i sambandet i kveld!

 


Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 25. juli 2023

Fredag 28. juli, mellom klokka 12:00 – 16:00,  inviterer Lia gard til «sommarope»  bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen no i ferien. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer. 

Les heile saka

Jakta nærmar seg – tid for skyteprøve

Jon Olav Ørsal Måndag 24. juli 2023

Søya og Todalen Skytterlag er forlengst i gang med skyteprøve for storviltjakta.  Kvar måndag skveld i juni, juli og august er det skyting på lagets bane i Ranheimsvingen.  Alle må dokumentere 30 prøveskot på to kveldar, før dei får prøve seg på skyteprøven som foregår på dyrefigur.  Skyteprøve består av 5 skot mot dyrefiguren og alle 5 må være treff innafor ein sirkel på 30 cm. 

Les heile saka


Sommarens store balldag på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juli 2023

Komande tysdag, 25. juli, inviterer Todalshytta til balldag.  Tysdag har du altså sjansen til å teste ut ein nordmørsk tradisjonsrett på Todalshytta.  Da er det nemleg klart for sommarens store balldag, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. Potetball og sildball serveres denne dagen i tidsrommet 15 til 19.

Les heile saka

Dugnad i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. juli 2023

dag var det dugnad i Toåa tursti for å slå kantane, rydde litt kratt og for å få skråpa vegen. Turstien fekk i fjor haust nokre skadar som følge av stor elv. Deler av turstien må difor reparerast, eit arbeid Per E. Gjeldnes maskin skal utføre. 

Les heile saka

Krevjande krøtterberging i Kvennsetdalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. juli 2023

I går og i dag har det vore krøtterberging i Kvennsetdalen. Kyrne stakk av under flytting frå innmarksbeite i Viastua og opp i Kvennsetdalen for eit par veker sidan. I ettertid har dei to kyrne gått seg utfor ein hammar. Den eine av dei var i live etter fallet, medan den andre omkom. 

Les heile saka

Familiedag med gamal historie og ny kultur i Stangvik

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. juli 2023

Stangvik Grendalag og Stangvik Historielag inviterer fredag 28. juli frå klokka 12:00 til familiedag med gamal historie og ny kultur. Familiedagen er knytta til «Den Trondhjemske postvei» og startar med ein fin tur frå Vang til Stangvik. Under vegs vil ein får sjå nye verk av seks lokale kunstnarar og ein indianar.

Les heile saka