Fra NRK Text-TV har vi sakset:
Pårørendeforeningen ved sykehjemmet i Surnadal er opprørt over at kommunen stenger flere rom. Ledelsen vil stenge inntil 10 av de 71 sengeplassene for å spare penger.
«Nye vegar» i urolege tider !
Reiselivsprogrammet i Møre og Romsdal ønsker velkommen til konferansen :
«Nye vegar» i urolege tider !
som arrangeres i «Verdens beste reisemål» !!!!
Tema på konferansen er : Sesongforlengelse, tilgjengelighet og tilgang til marked/produkt – hele året
Vangsgutane er komne i butikken
Eit sikkert teikn på at jula kryp innpå oss er Vangsgutane for 2009 som er kome i salg. Nytt hefte med 36 sider stoff frå Todalen får du kjøpt for kr 42.
I årets nummer opplever vi Vangsgutane sammen med Tarald Turist i Trollheimen, flaum i Storelva og litt tå kvart anna.
Oppslag om Saniteten i Driva
Fredag hadde Driva eit stort oppslag om Todalen Sanitetsforening og sanitetsveteranen Marit Kalseth. Ho har vore medlem over 70 år, og hadde mykje å fortelje om lagsdrifta. Det var ein fin reportasje om lagets historie og den store betydninga som laget har hatt for folkehelsa i Todalen.
Les heile sakaGår det mot postfri laurdag?
Tidens krav skriv i laurdagsavisa at det kan bli slutt på postombering på laurdagar. Det er «lekkasje» frå ein konserndirektør i Posten som avlører at det er endringar på gang.
I nabolandet Sverige er det mange år sidan dei slutta med postdistribusjon på laurdagar. Posten Norge distribuerer i dag berre dagsaviser og A-post etter som vi forstår.
«Kokkekurs for karra» er i gang
I regi av «Godt mot, Todalen» arrangeres det kokkekurs for «karra». Kursledar er Tor Rune Halset på Hammestuene, og kurset skal gå over 3 kveldar i november.
Les heile sakaEldremiddagen i Sanitetshuset
Kvar onsdag er det middagsservering i Sanitetshuset. Dette er eit tilbod som har vore fast her i Todalen sia februar 1990.
Les heile sakaTil topps i Tjeldbergodden Cup 2009
Sist helg var Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen sine lag G-13 og G-14 på turnering på Kyrksæterøra.
G-13 laget gikk helt til topps, og vant rett og slett turneringen etter en dramatisk finale. Stillingen var 1-1 etter full tid. Selv ekstraomgang klarte ikke å avgjøre kampen. Takket være offensivt spill fra STKU vant laget på flest antall hjørnespark.
Praktfull måne
Måndag kveld var det fullmåne og med stjerneklår himmel var den et praktsyn.
Fikk fleire tips om at det var ein fin ring i alle regnbogens farger rundt månen.
Haustfest for Start 4H
Søndag kveld var det haustfest på Todalen Skule. Dørene opna klokken 18.00, men sjølve arrangementet byrja klokken 19. Sjå heile artikkelen for bilete frå haustfesta!
Les heile sakaSkoddefull dag
Søndag var det uallminneleg fuktig luft i Todalen og sammen med vindstille ga dette mange store og små skoddetopper utover bygda.
Les heile sakaHalloween feires i kveld
Feiring av Halloween har ikkje nokon lang tradisjon i Norge, men har etter kvart vorte meir og meir vanleg. Det er nok mest ein amerikansk tradisjon som vi etter kvart har adoptert.
Det er iallfall kvelden da ein kan kle seg ut og gå til naboer og andre for å be om gotterier.