Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kontroll av brannslokkingsapperat

Kontroll av brannslokkingsapperat

Elinor Bolme Torsdag 17. mars 2011

Jamnleg skal ein ha kontroll og godkjenning av private brannslokkningsapparat. 5. kvart år for private og kvart år for næringsdrivande. Før i tida var dette ein jobb som brannmeister Leif Peder Fugelsøy i Surnadal kommune tok seg av etter forespørsel, men etter at han gjekk av med pensjon har ingen teke desse kontrollane.

Difor ønsker no Surnadal Brannvesen avdeling Todalen å rette fokukuset på kva vi som private huseigarar lyt passe på for å vera best mogleg forberedt.

* Fire gong i året skal apparatet snuast på hovudet slik at ein høyrer at pulveret løysnar.

* Kontroller at manometert står på grønt. Er dette raudt, manglar det trykk og har liten eller ingen effekt ved bruk.

*Sjekk at plomberinga er inntakt.

Nåla står her på grønt, så trykket er ok.

Plombe ok.

Er det nokon som elles lurar på noko, kan dei difor ta kontakt med Bjørn Kvendset (41 10 18 62), som er med i vårt lokale brannkorps. Han har i desse dagar gjennomført kurs i kontroll av brannslokkingsapparat, både for private og næringsdrivande.

Først publisert: 17. mars 2011, 05:06 - Sist oppdatert: 16. mars 2011, 22:27