Tysdag kveld var det storstila opning av ny bane for leirduesti på Angråmyra. Det var ordførar Mons Otnes og Elmer Talgø frå sponoren Talgø Invest som sto for opningsseremonien med ein uformell duell. Du kan lese meir om dette på Surnadalsnytt på Trollheimsporten.
Les heile sakaBasar i Ungdomshuset
Trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa i Todalen IL arrangerer basar i ungdomshuset søndag 25. april kl 15.00.
Les heile sakaNominert til Årets leverandør
Både Talgø Møbelfabrikk og Terjes Handelsagentur har helga delteke på Bohus-messa i Vikingeskipet på Hamar. Der var dei aller fleste leverandørane til Bohus på plass med utstilling av utvalgte kjedemodellar for Bohus. Laurdag kveld var heile 800 samla i Hamar OL-amfi (der dei arrangerte kunstløp under OL i 94) til felles bankett før avslutninga søndag. Der var kåring av årets leverandør ein av programinnslaga, og stor var overraskinga da Talgø vart lansert som ein av 5 nominerte, fortel dagleg ledar Ola Magne Nordvik.
Les heile sakaSyng med oss i Ungdomshuset
Onsdag kveld (21/4) inviterer Todalskoret til «syng med oss-kveld» i Ungdomshuset. Sjå programmet…
Les heile sakaVårteikn frå Romålia
Det er Jon Bruset som har plukka dei første kvitveisane i år. Dei er funne oppi hamrane ovafor Høghjellen i Romålia. Oppi der brukar kvitveisen å vera mykje tidlegare ute, og snøbygene dei siste dagane setter nok ikkje akkurat fortgang på blomstringa.
Les heile sakaKorleis blir sommaren?
Været har alltid vore eit sentral tema mellom folk. Det er også eit ordtak som seier at det er alle som snakkar om været, men ingen som gjer noko med det. Når meterorolagane på yr.no og TV2-været henta fram minusgrader og snøkrystalar, tykte vi at det var på tide å kontakte ein vær-spåmann for å sjekke […]
Les heile sakaSaniteten samlar klær til Estland
Da Todalen.no var innom sanitetshuset var det kome inn nærare hundre sekkar med klede som seinare skal fraktast til Estland for å kome til nytte på barneheimar og likanade. Det er no 3. gongen at Todalen Sanitetsforening deltek i slik aksjon, og givarglda har vore like stor kvar gang seier Ragnhild Ansnes Moe og Marit Sanden Søyset som er ansvarleg for innsamlingsaksjonen.
Les heile sakaTopp forhold…til gulerotdyrking
No har familien Kårvatn sett press på Surnadal kommune om å foreta naudsynte utbetringar på vegen opp til Kårvatn. Det resulterte i at Per og Arne Gjeldnes i dag skråpa og grusa dei mest utsette strekningane mellom Falla og fram til Kårvatn.
Erik og Gudmund Kårvatn har ved fleire høve vore i kontakt med komunen om vegforholda, men i følgje Surnadal kommune har dei ikkje pengar å avsjå til utbetring av vegen så han blir bra. Vedlikehaldet på denne strekninga har dei siste åra vore minimal på grunn av kommunale innskrenkingar, noko som gjer at vegen er kome ned til til eit absolutt minimumsnivå av korleis den bør vere standardsmessig.
Oppkjøring til seriestart
Fra oppmann til samarbeidslaget G 14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen,Knut Haugen har vi fått ei lita oppdatering på vårformen:
Mandag var det den tidligere tippeligaspilleren Stig Arild Råket som ledet G14-treninga på Amfi Park. Det var en inspirerende trening med flere nye øvelser, der hovedtemaet var rask omstilling mellom angrep og forsvar (og omvendt). Stig Arild mente vi hadde mange gode spillere, og at laget var bedre enn han ventet på forhånd
Les heile sakaMøreTre styrker staben
Talgøbedrifta MøreTre søker i dag etter Produksjonsingeniør/teknisk tegner i fleire aviser. Det er økt satsing på elemenproduksjon samtidig som produksjon av Royalimpregnert trelast trappes opp som krev forsterkninger i staben, sier Michal Heimlund ved MøreTre til Todalen.no
Les heile sakaKraftig kollisjon.
NRK Møre og Romsdal melder nå i morgentimene at det har vore ein kraftig kollisjon mellom to varebilar på riksveg 670 mellom Kvanne og Surnadal. Vegen er no open for trafikk igjen.
Det har vore snøfall på 3-4 cm snø i natt i området, så det meldes om glatt vegbane.
Les heile sakaLang karriere…
Frå kundemagasinet til Surnadal Transport har vi saksa ein fin artikkel om Gudmund Kvendset (Sandstad). Etter 49 år attafor rattet på lastebilen har han no planer om å avslutte karrieren i løpet av året.
Les heile saka