Denne veka gikk Todalen Sanitetsforeing ut med oppfordring til å støtte kjøp av ein hjartestartar som skal plasserast i Todalen. Det er ei investering til over tretti tusen, og med eit lite bidrag herifrå og eit derifrå så skulle det vere eit overkommeleg prosjekt å realisere.
Les heile sakaTunnelforkjemparar aksjonerer på Facebook og på Ica Todalen
Torsdag kveld vart det på den populære nettstaden Facebook oppretta ei eiga side for dei som ønsker å komme i mål med Trollheimstunnelen. Eller som det står :»Denne gruppen er opprettet som motvekt til underskriftskampanjen for brualternativet». Toril Talgø var grunnleggaren av gruppa, som kallar seg Vi VIL ha Trollheimstunnel, IKKE bru!!
Les heile sakaFrosne avløpsrør
Regnværet denne veka har nok laga problemer for mange frosne avløpsrør. Mange plassar står det dammar på på åker og eng, og med nær 2 mete med tele vil det nok ta litt tid før ein får bukt med vatnet.
Les heile sakaPubkveld på laurdag
Laurdag kveld 13. mars frå kl 20.00 blir det pubkveld på Pakkhsuet Pub. Synnøve Helland fortel at dei denne kvelden vil prøve seg med salg av småretter av kinamat.
Les heile sakaTodalen IL minner om årsmøte
Hugs årsmøtet fredag 12. mars kl 1930 i ungdomshuset. Sakslista er no klar og er lagt ut her på Todalen.no. Vel møtt!
Kurs i opplevelsesproduksjon
Reiselivsprogrammet inviterer til nytt kurs i opplevelsesproduksjon. Målet er å utvikle meningsfulle opplevelser som både begeistrer gjesten og gir økt lønnsomhet for verten.
Les heile sakaPedikyr i fjøset…
Den siste veka har Trond Løfaldli frå Rindal drevet klauvskjering i Todalen. I dag er det krav om at mjølkekyrne skal stå på gummimatter, og da får dei ikkje den naturlege slitasjen på klauvene slik som om sommaren når dei går ute. Derfor treng dem oftare stell, og det har Løfaldli spesialisert seg på. han har lang erfaring i dette arbeidet, og sidan 2005 har han bruka ein moderne klauvboks som gjer at han får god arbeidsstilling og som handterer kua på ein grei måte.
Les heile sakaTaklegging på høggir
På gammelfabrikken i Brusetmarka er Gunnar Nordvik og Lars Kvendset i gang med taklegging i dei nye utstillingslokala på baksida mot Toåa. Gunnar og Lars skal legge nytt tak i heile det 600 m2 store lokalet, og har rigga seg til med ei stillasvogn. Lokala skal mellom anna bli utstillingslokale for MøreTre, som no satsar for fullt på sitt hovudprodukt MøreRoyal.
Les heile sakaRåssåfoss Kraftverk – snart prøvedrift
Frå Jon Bruset har vi fått bilete frå inntaket til Råssåfoss Kraftverk. Damhuset nærmar seg sluttføring og det gjer også monteringsarbeidet i kraftstasjonen. Da er det nok snart klart til prøvedrift for å teste anlegget før vårløysinga og kraftproduksjonen tek til for alvor.
Les heile sakaBetre sikt i Hauabrekkå
Laurdag var Gudmund K. og Ola G. Kvendset i gang med hogging av graner ved Sisiå. Gudmund fortalte at det var får å betre sikten mot Hauabrekka at grantrea måtte vike for å gjera vegen meir trafikksikker.
Les heile sakaPass på vatnet!
Det er ei travel tid for rørleggarane om dagen. Dei får fleire telefonar dagleg frå folk som opplever at vatnet er frosset. Laurdag var det full sjau med gravemaskin og rørleggar ved barnehagen. Aud og Ola i Øyå opplevde å koma heim til frosset vatn, og har jobba 3 dagar for å tine og lokalisere kvar det var frosset. Her viste det seg at det var frosset på fleire plassar, men det vart da ei ordning til slutt.
Les heile sakaNytt kurs i tømmerkapping
Nytt kurs i virkesutnytting av tømmer, – tømmerkapping i mars
Det blir ein dag med teori og ein dag med praksis ute. Kursavgift kr 250,-. Påmelding innan 14. mars til Sven Olav Svinvik.