Fredag kveld var det siste innspurt med dugnad og tilrigging på Bordholmen. Todalen I.L.’s fotballgruppe står som arrangør av Todalsdagen 2010, og alt ligg no til rette for at over 400 forventningsfull knøtter, lilleputt og lillegutter/lillejenter skal rykke inn på arenaen og være klare til avspark lørdag kl 09.30. Det er lag frå Romsdal i sør til Trøndelag i nord, i tillegg til mange lag frå Nordmøre som skal ta del i fotballcupen under Todalsdagen.
Les heile saka
Frå Todalen barnehage har vi fått eit lite bidrag frå først i veka. Godver og rundallepressing resulterte i mykje kreativitet.
Les heile saka
Det er kanskje ikkje alle som kjenner Hjertine, og det er ikkje rart. Det er nemleg den nye hjartestartaren som Todalsen sanitetsforening har kjøpt, og som er plassert på brannstasjonen på Kvennset. Det er den første hjartestartaren som er registrert i Surnadal kommune, utanom Surnadal legekontor. Det er som sagt Todalen sanitetsforening som har teke initiativ til å skaffe hjartestartar, som er ei investering på nær tretti tusen kroner. No er den komen på plass.
Les heile saka
Om vêret som blei til dugnaden på Bordholmen i dag gir eit forvarsel til Todalsdagen om to dagar, har vi ein fin dag i vente. Eit tjuetalls personar stilte opp for å klargjera Bordholmen til fotballfest.
Les heile saka
Onsdag var det tid for årets optimistkonferanse i Rindal. Godt mot, Todalen hadde fått med todalingar på konferansen, og i todalsdelegasjonen var det 12 personer. I tillegg var det andre todalingar som hadde tatt turen utanfor Godt mot sitt initiativ. Konferansier Arild Hoksnes leia oss på muntert vis gjennom fem timar med motivasjon og optimisme.
Les heile saka
Dei siste dagane har det vore godt storseibett lenger ute i fjorden. Hans Gundersen fortel at han har drevet fiske utmed Rakanesset og ved Drøpping, og i går vart det storfangst med ca 50 kilo fin storsei. Hans bruka snøre med pilk og gummimark, og det var saker som frista storseien.
Les heile saka
Vi har det siste hatt litt problemer med hastigheten på Todalen.no, ved at enkelte sider har tatt lang tid å laste, eller rett og slett ikke kommet opp. Nå har vi forhåpentligvis fått løst dette problemet.
Les heile saka
Fotballgruppas SuperLotteri er i full gang. Jobben med loddsalg går på omgang mellom fotballspelarane, og dei har fast salgsplass på ICA Todalen. Trekninga blir på tampen av Todalsdagen som er komande laurdag (3. juli). Det er mange fine gjevinstar, mellom anna ein Panasonic flatskjerm-TV og eit playstation 3 dataspel i tillegg til møblar frå Talgø.
Les heile saka
Torsdag kveld vert det dugnad på Bordholmen for å klargjere anleggeet til Todalsdagen 2010. Dugnadskomiteen håpar at flest muleg kan være med og ta eit tak. Ta med kantkløppar, plenkløppar, spade og rive både for gras og grus. Torsdag- og fredagskvelden er det også mottak for lopper til loppemarknaden. Ta kontakt med Borghild Talgø (tlf 908 41 614) dersom du treng hjelp til frakting.
Les heile saka
Her kjem kampoversikta for Todalsdagen 2010, med forbehald om mindre endringar og upresise lagnavn. Du finn og nedlastbare planar for kampane for knøtt/mini og lillegutt.
Les heile saka
Godt mot, Todalen har meldt på 20 deltakarar på Optimistkonferansen, som arrangeres 30. juni i Rindal. Dei håpar at mange todalingar har lyst til å vera med. Meld deg på todalsdelegasjonen ved å kontakte Ståle Ansnes på tlf 90 16 22 80 – Godt mot, Todalen sponsar deltakaravgifta.
Les heile saka
Da er dagen snart kome, for at nybutikken til Kårvatn Fjellutstyr AS åpnar. Torsdag kl 12 brakar det laus, og ein ny epoke for Gudmund Kårvatn kan kanskje seiast å starte. Han starta butikkdrifta allereie i 1992, og etter 18 år kan han, endeleg opne dørene til den nye butikken, etter mange års drift på låven. Han har sidan hausten 2009 fått med seg Kristian Mossing som medeigar i firmaet.
Les heile saka