Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vèrguden og Jorid slo til!

Vèrguden og Jorid slo til!

Elinor Bolme Fredag 22. april 2011

Dagens Kjerringdilt gjekk av stabelen på Skihytta i strålande påskesol i dag. Vel 50 mann møtte opp på dette årlege arrangementet til skihytte komiteèn og Trimgruppa. Folk kom både utafrå, innafrå og nedafrå for å prøve å hente heim den gjeve pokalen. Ingen kunne skylde på veret, men føret var kanskje litt kleinare, i allefall i nedoverbakkane.

Kjerringdilten går på idealtid, der det er om å gjera å treffe tida til den som hadde «gått» opp løypa. I år var det ny trassè, med runde ovafor hytteområdet, mot Kjerringa. Om det var dette som gjorde susen skal ikkje seiast , men Jorid Haugen Ansnes var den som trefte best med si tid og kom på 1. plass med vel 30 sekund i feilmargin, medan underteiknande  kom på ein fin-fin 2. plass og Sondre Halset fekk ein grei 3. plass.

Etterpå vart det hopprenn for den yngre garde, der det var dei utabygdes som hevda seg best. Ellers var det naturlegvis høve til å kjøpe seg ulike forfriskningar i kiosken hos Arnt mellom slaga.

Under er eit knippe bileter av ein fin dag på fjellet. Alle foto: Elinor Bolme.

Publisert: 22. april 2011, 20:41