Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stor vassføring – flere lakser…

Stor vassføring – flere lakser…

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. juni 2010

aurdag formiddag var det tendens til flaum i Toåa, men det var ikkje verre enn at laksefiskaran heldt stand i elva. Til tross for vassføring i meste laget var det godt fiske, og det er landa fleire laksar dei siste dagane. Bjørn Arnesen frå Kongsvinger er for veteran å rekne i Toåa. Han har vore her sidan måndag, og har teke 3 fine laksar.

Les heile saka

Ras oppi Falla.

Ras oppi Falla.

Elinor Bolme Fredag 18. juni 2010

Mellom klokka 17 og 19 no i kveld har det gått ras ved Kufallfossen ved Falla.. Vegen er passerbar, men ein del kvist ligg uti vegen, kan Gudmund Kårvatn fortelja til todalen.no.

Les heile saka


Surnakveld med fagseminar

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. juni 2010

Neste helg er det Laksefestival som presenterer eit rikhaldig program for ein kvar smak. Ein av programpostane under festivalen er Surnakveld med fagseminar som startar torsdag 24. juni kl. 1600. Det foregår i Svorkasalen på kulturhuset, og dei kan by på mange spanandende tema for politikarar, forvaltere, brukarar og interesserte elveentusiastar.

Les heile saka

Avlyst tur til Vorpnesset

Endre Talgø Torsdag 17. juni 2010

På grunn av dårlig vær; avlyser Start 4H overnattingsturen til Vorpnesset i helgen. Vi skal alikevel arrangere overnattingstur til Vorpnesset senere i sommer, og satser da på bedre vær.



G14 spela uavgjort mot CFK

G14 spela uavgjort mot CFK

Knut Haugen, IL Søya Torsdag 17. juni 2010

For bare 3 uker siden tapte vi 0-4 mot CFK på bortebane i kvalifiseringsspillet, og vi hadde sånn sett en del å revansjere i gårdagens kamp. Før kampen var vi enig om at det aller viktigste var å heve innsatsen et par hakk, og samtidig forbedre den spillemessige prestasjonen ute på banen.

Les heile saka

Dugnad i oppvekstsentret

Dugnad i oppvekstsentret

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. juni 2010

Det er no 20 år sidan uteområdet rundt barnehagen vart etablert, og onsdag kveld var det storstila dugnadsopplegg for å ordne opp og oppgradere anlegget litt. Det vart saga ned busker og greiner rundt plassen og plankane rundt sandkassane vart skifta ut med impregnert. Det vart raka og kosta, slik at det vart både ryddig og fint rundt anlegget. Enkelte av lekeapparata trong reparasjon og bade store og små dugnadarbeiarar var travelt engasjert.

Les heile saka

Norway Cup motstandere er klare.

Norway Cup motstandere er klare.

Knut Haugen, IL Søya Tysdag 15. juni 2010

Puljeinndelingen i Norway Cup er nå klar, og Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen G14 er satt opp i pulje 15 i klasse C, der vi skal møte Geilo (Buskerud), Langhus (Oslo) og Inneres Ennstal Gaflenz (regionlag fra Østerrike).

Les heile saka

Siloslåtten er igang…

Siloslåtten er igang…

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2010

Med finvêret kom siloslåtten igang. Det kalde og fuktige vêret vi har hatt den siste tida har gjeve god grasvokster, og no er tida inne for å starte slåtten. På Kvennset hos Olaug Kvendset var to traktorar i sving med ballpressing og ballpakking i tysdag kveld. Tidlegare på dagen hadde slåmaskina vore i sving.

Les heile saka

Klart for skyteprøve

Klart for skyteprøve

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2010

Søya og Todalen skytterlag startar oppskyting til storviltjakta måndag 28. juni. Vidare utover sommaren blir det 8 måndagskveldar med skyting på lagets skytebane i Ranheimsvingen på Kvanne. Alle kveldane startar skytinga kl 18.00, og varer til kl 20.00.

Les heile saka

Todalshytta er opna!

Todalshytta er opna!

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2010

Tysdag 15. juni opna Todalshytta for ny sesong. Det er Åse Grydeland Øyen som er vertinne, og ho fortel at det no er ope kvar dag mellom kl 10 – 22 fram til 31. august. Ho har allerede tjuvstarta litt, og har hatt ope for laksefiskarar etter avtale. Åse går rett på sak og arrangerer bailldag allerede første dagen. Det er populær kost, og ho ventar stort innrykk av bygdefolk og andre som vil ha eit realt baillmåltid.

Les heile saka