Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Team Talgø i treningsleir

Team Talgø i treningsleir

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juni 2011

I år skal det blir hard konkurranse under Nordmarkstråkket. Ein gjeng iherdig syklistar frå bedriftene i Talgøkonsernet har lagt seg i trening for å ta del i årets sykkelkonkurranse over Nordmarka. I helga hadde dei «treningsleir», og sykla frå Rindal/Surnadal til Todalen. Dei fleste blir nok å finne i trimklassen, men det er også kandidatar til racerklassen som for eksempel Rune Kvande på laget. Rune kjørte runden på 1.46.11 i fjorårets konkurranse og vann sin klasse.

Etter treningsøkta var det sosialt samvær på Pakkhuset, saman med supportarane. Der vart det nok lagt strategiar både for løparane og for supportergjengen utover kvelden.  

Nordmarkstråkket blir i år arrangert laurdag 30. juli. Rittet er ca på 60 km, og går fylkesveg 325 frå Skei – opp Dalsegga – over Nordmarka langs grusveg og ned Nordmarksvegen til Skei igjen. Les meir om Nordmarkstråkket på heimsida til Trollheimen sykkelklubb.

Først publisert: 9. juni 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 8. juni 2011, 21:05