Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vatn i fokus

Vatn i fokus

Elinor Bolme Sundag 5. juni 2011

Husby og Halle Vasslag hadde i går dugnad på det felles vassanlegget sitt ved Lauvåa. Her er det no oppgraderingar på gang då det har vore ei stund sia noko har vore gjort. Dei to vasslaga er inne i ein muleg overgang til å slå seg saman til eitt vasslag, men dette vil antageleg ikkje bli avgjort før på eit ekstraordinært årsmøte sist i juni. Og om det då blir eitt, skal det bestemmast om det skal bli eit privat eit, eller om ein skal kople seg på det kommunale.

Uansett så var veret på sitt verste då dugnadsgjengen samlast i Jostua for å sette dagsorden. Det som stod for utbetring denne gongen var å støype ein eksta mur utanpå ein av eksisterande mur, på den øverste brønnen då det over tid hadde vorte lekkasje her.

  Anders Talgø, Ivar Bolme og Gudmund Kvendset oppå brønnrn, medan Kristian Gjeldnes  står nedanfor.            

Forskalinga som held betongen.

Det er litt bratt og kronglet å koma til opp dit, men når traktorar vart teke i bruk for å frakte sementen eit stykke, gjekk det rimeleg greit å lempa den viare med handmakt ifølge karane. For å få betongen til å halda seg i forskalinga, måttte dei stengje av vatnet i eit par timar medan arbeidet pågjekk.

Ikkje alltid at ønska utstyr er tilgjengeleg, men når ein hjelpest åt går det. Frå venstre Anders Karlsen, Gudmund Kvendset og Trygve Halle.

Først publisert: 5. juni 2011, 01:00 - Sist oppdatert: 4. juni 2011, 23:55