Feiringa av nasjonaldagen er forlengst komen igang i Todalen. Det tradisjonelle biltoget, eller «skrommeltoget», samla i år rekorddeltaking med rundt 60 kjøretøy som nok er rekord. Det var kjøretøy av alle slag, både traktorar, mopedar, russebilar og andre nye og gamle bilar. Og sjølvsagt var det mykje folk, både store og små. Biltoget starta ved ICA Todalen på Kvennset og køyrde oppover bygda til Gammelfabrikken, der det var ein kort pause og så nedatt til Ungdomshuset.
Les heile sakaProgram for 17. mai
Her finn du programmet for 17. mai-feiringa i Todalen.
0930: Biltog frå Hals – Gammelfabrikken – Ungdomshuset.
1030: Frokost i Todalen Ungdomshus.
1400: Gudstjeneste ved Bernt Venås.
1450: Kranspålegging.
1500: Barnetog frå kyrkja til skulen.
1520: Todalskorpset spelar på skuleplassen.
1530: Samvær på skulen.
Det serveres Lulens svinegryte levert fra Hammerstuene
Berit Storholt Flåtten vil holde tale for dagen
Leiker for barna
Kiosksal av is og brus m.m.
Inngangsbillett inkludert mat kr. 150.
Gratis for barn til og med 9. klasse
Stort attpålag
6 av årets konfirmantar slo seg like godt saman og arrangerte felles attpålag i Ungdomshuset fredag ettermiddag. Nærare 100 gjestar vart det til saman og eit kjempeutbud med blautkaker og anna godt til kaffen.
Les heile sakaRydding til 17.mai
Onsdag var det dugnad på oppvekstsentret. Alle barna på skulen og i barnehagen var ute og rydda og plukka søppel. Dei største var heilt ned til kyrkja, og dei fann litt av kvart langs vegkantane. Dei prøvde og fiskelykka, da dei såg ein fisk i bekken, men dessverre var den av plast.
Les heile sakaTrur på vekst
I onsdagsavisa til Driva var det eit omfattande intervju med konsernsjef Terje Talgø, der han gjev uttrykk for at han har tru på framtida og at den skal gje rom for ny vekst for Talgø-konsernet. Han trur det blir behov for fleire tilsette etter kvart og at furua etter kvart kjem att i ei eller anna form. Han lettar også litt på sløret når det gjeld Todalsparken.
Les heile sakaBjørnen over fjellet
Frå Gudmund Kårvatn har vi fått opplysningar som tyder på at bjørnen har passert kommunegrensa og er komen over til Sunndal eller Oppdal. Det er observert bjørnespor ved Meskaret som ser ut til å kome frå Innerdalen. Spora gikk nedover lia mot Meskardvatnet og vidare mot Bjønnhjellan og Ottdalen. Så da tyder det på at bjørnevisitten i Todalen er over for denne gongen.
Les heile sakaFin konfirmasjonsdag
Todalen kyrkje var fylt til siste plass under konfirmasjonsgudstenesta på Kristi himmelfartsdag. Det fine vêret sette ein ekstra spiss på denne fine festdagen for dei 8 todalsungdomane som vart konfirmert i år. Det var sokneprest Bernt Venås som heldt gudstenesta, medan Ildri Sjøland Øyen var klokkar og Bernt Bøe var organist. Vi i Todalen.no gratulerer så mykje!
Les heile sakaTap for G14 laget
Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen gikk ut på Søyabanen i håp om kunne ryste Sunndal i starten, med agressivt spill og dermed hindre det sikre pasningsspillet vi vet sunndalingene er så gode på. Dette lykkes delvis i åpningsminuttene, men allerede etter 8 minutters spill tok Sunndal likevel ledelsen ved Erik Rotlid. Og i kampens 13. minutt fikk Sindre Ulfsnes Sæther drømmetreff på et langskudd som gikk i bue over vår gode keeper Markus Nerdal Søraas, og dermed stod det 0-2. Og når Sunndal gikk opp til 3-0 (der en av våre forsvarere var sist på ballen) så det ikke særlig lyst med tanke på poeng.
Les heile sakaVellukka dugnad
Måndag kveld var det dugnad på kyrkjegarden for å ordne og rydde til konfirmasjonen og 17. mai. Riktig bra frammøte gjorde at dugnaden var fort unnagjort, og jeg er imponert over dugnadsånda i Todalen, sa vaktmester Alf Faksnes som leda arbeidet sammen med soknerådsledar Ildri S. Øyen. Denne kvelden vart det retta opp støtter og ryddet etter ein lang og kald vinter.
Les heile sakaProsjektleder søkes til Trollheimen – ledig stilling
Har du lyst til å jobbe med et av Norges flotteste naturområder? I forbindelse med oppstart av et treårige naturbasert utviklingsprosjektet knyttet til Trollheimen landskapsvernområde og randsonen, søkes det etter prosjektleder. Prosjektet er initiert av Blilyst og er basert på et interkommunalt samarbeid mellom alle kommuner som har tilknytning Trollheimen.
Les heile sakaSkadeverk på gammelskulen
I løpet av helga har det vore utøvd hærverk/ruteknusing på Gammelskulen. Skadeverket er av såpass alvorlig karakter at kommunens folk tok kontakt med politiet for å få hjelp til oppklaring av forholdet har vi fått opplyst. Skadeverket har i hovedsak skjedd i den delen av bygget som er disponert av Halsesamlinga.
Les heile saka17.mai-programmet klart
Programmet for feiringa av nasjonaldagen er no klart. Mykje av programmet har nok stor likhet med tidlegare års opplegg, men det skjer da og så nokre endringar. Den viktigaste endringa er at det i år blir eitt folketog, og det kjem til å gå frå kyrkja og oppi skulen. Her kjem Todalen musikkkorps (eit mobilisert veterankorps) til å sørge for hornmusikken. Berit Storholt Flåtten frå Rindal skal halde tale for dagen.
Les heile saka