Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ny sesong i Toåa

Ny sesong i Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. juni 2011

Frå midnatt er laks og sjøaure «fritt vilt» i Toåa. Sesongen i år varer frå 15. juni  og varer til 15. august, og det er same fisketid for både laks og sjøaure. Det er bra vassføring i Toåa etter regnet og snøsmeltinga dei siste dagane. Og etter vêrmeldinga på yr.no vil det fortsatt bli litt regn utover veka, og vassføringa vil nok halde seg. Det er knytta stor spenning til årets laksefiske som altså kjem i gang 2 veker seinare i år enn i fjor, etter reguleringa av laksefisket som direktoratet har gjort.

Fiskekort selges i år hos ICA Todalen og på Todalshytta, og det er venta at fisket får ein «flying start» no som mange har venta på å kome igang. Det er ikkje noko endring i fangstavgrensinga, så det kan takast 2 laks og 2 sjøaure pr fiskar pr døgn.

Det kan med visse unnatak drives fiske på heile den 8 km lange lakseførande strekninga opp til storfossen. Unnateke er eigedomane Ramsøya, Bruset øvre, Oddøyneset og Holmen (nordsida). Det tillates ikkje fiske i sideelvane til Toåa.

Nytt i år er at feittfinneklippt fisk skal rapporterast. Dette er laks som er sett ut i elva som smolt, og det er derfor viktig å få inn opplysningar om gjenfangst. Feittfinneklipt fisk skal rapporterast på eige skjema, saman med den vanlege fangstrapporten.  Sjå også nettsida til Toåa – www.todalslaks.no

Først publisert: 14. juni 2011, 20:30 - Sist oppdatert: 15. juni 2011, 18:34